Bikubekveld

  • Scene : BIKUBEN
  • Varigheit : Ca. 1 time
  • Pris frå: 100 ,-

Kvar fredag kl. 22.30 i Bikuben

Fredagar kl. 22.30 inviterer vi til Bikubekveld i Bikuben. Det kan vere konsert, gjestespel, open mikrofon, eller musikalsk nachspiel med ensemblet frå ein av framsyningane våre og mykje anna. Baren er open! Cc: 100,- . Det er 128 sitteplassar og 172 ståplassar. Det kan vere lurt å være tidleg ute for å sikre seg sitteplass!

PROGRAM VÅREN 2017

 

28. april: Jynge og Leite

Frå landevegen
«Korleis lever vi med fortida og på kva for måte finst fortida for oss?»
I framsyninga Frå landevegen møtte trekkspelar Espen Leite og skodespelar Gjertrud Jynge kvarandre. Denne kvelden vil dei utvikle det musikalske samspelet med romanisongar, Brecht og anna musikk med utspring i kamp og avmakt.

Med Gjertrud Jynge og Espen Leite

Cashmashing

5. mai: The Johnny Cash Machine

Dette er ein hardtslåande trio som pøser ut dei største av Cash sine slagarar – med stor overtyding!

«Dette er ingen imitasjon, vi fokuserer på å spele låtane så tøft som mogleg, i Cashs originale trio-format, som alle kjenner og elskar» seier Jonar om coverbandet si hylling til The Man in Black.

Med:
Jonas Thomassen (vokal)
Aleksander Ormvold (bass )
Harald Hougaard (gitar)

Vi rundar av sesongens Bikubekveldar med ein heidundranes konsert – velkommen!