Berre kjærleik og død

Skreiv Tor Jonsson frå første stund på forteljinga om eit sjølvmord?

I høve 100-årsmarkeringa for diktaren Tor Jonsson spelar vi framsyninga Berre kjærleik og død, av Ingar Sletten Kolloen, som også har skrive biografien om den folkekjære lyrikaren frå Lom i Gudbrandsdalen.

Teaterstykket fortel om ei meir ukjend side ved livet hans. I 1950 innleidde han eit forhold til journalisten Ruth Alvsen, berre eit halvår seinare, 35 år gamal, tok han sitt eige liv.

I stykket forsøker Ruth Alvsen å finne svar på kvifor det gjekk som det gjorde. Ho leitar i papira han etterlet seg og i eigne minne. Kvifor tok han livet av seg? Kunne nokon ha hindra det?

Tor Jonsson

Diktaren og journalisten Tor Jonsson (1916-1951) voks opp under vanskelege og fattigslege kår på ein husmannsplass i Lom og var heilt frå barndommen merkt av bitre barndomsopplevingar frå den sterkt klassedelte heimbygda. Kulturelle og sosiale forhold i bondesamfunnet er da også eit viktig tema i diktinga hans. Omgrepet Bygdedyret kjem frå hans kvasse penn, men han har òg skrive nokre av våre vakraste kjærleiksdikt. I heile sitt vaksne liv sleit han med rus og depresjonar, sjølv om han opplevde stor framgang og anerkjenning som forfattar. Viktige utgjevingar kom posthumt, han fekk også Kritikarprisen fem år etter at han døydde.

Framsyninga er opphavleg produsert av Trøndelag Teater. Gjestespelet blir tatt i mot i samarbeid med Nynorskens hus, Bondeungdomslaget i Oslo og Tor Jonsson-laget.

MED

Ruth Alvsen: Wenche Strømdahl
Forteljaren: Hallbjørn Rønning