Bikubebarn

  • Scene : Det Norske Teatret (Unummerert)
  • Pris frå: 100 ,-

Laurdagstilbod for barn!

I haust arrangerer vi igjen aktivitetar for barn på laurdagar. Det blir mellom anna raffe rørsle på Hovudscenen, hallingbreakdans, DJ-kurs og miniteaterverkstad til Snøkvit. Bli med på innsida av teateret! Les under for fullt program. Billettar får du kjøpt på nettsida, eller ved å kontakte billettluka.

Urban Art Attack for kids

Laurdag 9. september kl. 11.30-15.00

Urban art attack for kids

Frå Urban Art Attack for kids hausten 2016

Vi har invitert danse-Noregs beste folk for å lage ein magisk dag med breakeverkstad, musikk, heftige rytmar, lysshow, battling og rein danseglede! Her kan ein slå seg laus med raffe rørsle på ei av Noregs største scener. DJ for dagen er Beatur.

Breakekurs med Marcus Andreassen: kl. 11.30-12.15
Battles, show og jam: kl. 12.30-15.00

For dei mellom 6-12 år

PRIS: 100 kr per barn (Vaksne tilskodarar kjem inn gratis saman med barn).

Marcus Andreassen/DJ Dark Marc er fleire gonger kåra til noregsmeister i breaking, og deltek på konkurransar både som utøvar og dommar. Han har vore dommar i Mitt Dansecrew på TV2. Elles har han jobba ved Riksteatret, Oslo Nye Teater og Det Norske Teatret. Han har også undervist i dans på Kunsthøgskolen i Oslo og Norges Idrettshøgskole.

Magnus Emaka Einang er ein allsidig hip hop-dansar som er medlem av dansecrewet Kingwings. For tida turnerer han med Romeo og Julie saman med Nasjonalballetten UNG, der han mellom anna har spelt rolla som Romeo. Magnus underviser også, og ønskjer at alle skal få gleda av dans.

DJ for dagen er BEATUR. Han er ein av Skandinavias mest anerkjende beatboxarar, og har vore DJ i over 10 år. Han produserer musikk til ulike arrangement og framsyningar. Musikken han speler er ein miks av funk, soul, house og hip hop som vil få alle til å rocke i dansefoten!

MINITEATERVERKSTAD SNØKVIT

Laurdag 28. oktober kl. 10.30-14.30, framsyning Snøkvit kl. 15.00

No kan barna lage ei miniteaterframsyning på berre tre timar! Dei får lage kostyme og scenografi, får teatersminke, lære ein koreografi og opptre på scenen framfor eit publikum. Verkstaden er lagt opp mot familieframsyninga Snøkvit. Kl. 15.00 er det familiemusikalen Snøkvit på Hovudscenen.

For dei mellom 6-12 år.

Pris 350 kr. Inkluderer billett til SNØKVIT kl. 15.00 same dag.

For å bestille denne verkstaden, kjøper du billett til Snøkvit 28. oktober her.

BØ OG BÆ – DEN MANGFALDIGE SCENEN

11. november kl. 11.00-13.00

Korleis kan ein gå i flokk og samstundes leie ein flokk? Kanskje ein kan lære av sauen, når Den Mangfaldige Scenen arrangerer teaterøvingar på Det Norske Teatret. Med utgangspunkt i dei kjende bøkene om Bø og Bæ får barna mellom anna prøve ut korleis ein sau eigentleg snakkar.

Passar for dei mellom 4-12 år.

Pris. 75 kr per billett.

BLI KJEND MED TEATERET – GRAFITTI/COLLAGE

Laurdag 18. november kl. 11.00-13.00

Kunstnaren Fru Bugge held verkstad for barn på Det Norske Teatret i haust!

Bli med i målarsalen på teateret. Der vil tilsette, saman med grafittikunstnaren Fru Bugge halde verkstad der du kan lage din eigen grafitti- og teiknekunst! Du får også ei omvising på resten av teateret.

For dei mellom 6-14 år.

Pris: 150 kr per deltakar.

HALLINGBREAK

Laurdag 2. desember kl. 11.00-14.00

Norsk folkedans er akrobatisk og vakkert, med lange tradisjonar er det ein flott del av den norske kulturen. Breakdans er nyare i Noreg, men har etterkvart blitt «allemannseige». Det er ein del av «det nye norske». Dessutan står kanskje ikkje halling- og breakdans så langt frå kvarandre som ein kanskje skulle tru?

Vi ønskjer velkommen til ein spennande verkstad med Noregesmeister i breaking, Marcus Andreassen, og ein av Noregs dyktigaste hallingdansarar, Anders Aasberg!

Her blir det feiring av danseglede og spenstige krumspring!

For dei mellom 6-16 år.

Pris 175 kr. per deltakar.

DJ-VERKSTAD

Laurdag 10. desember kl. 11.00-14.00

Lær å meistre musikk og rytmar! Kanskje du til og med kan lage din eigen låt? Her får du tips og triks fra dei anerkjende DJ`ane i Oh Mama!-crew.

For dei mellom 6-16 år

Pris: 175 kr per deltakar