Andre verdskrigen – Natt i verda

Er krigen ein del av den menneskelege natur?

Andre verdskrigen – Natt i verda tar opp etiske dilemma, diskuterer vondskap og korleis vi tøyer grenser for å oppnå det gode.

Gjennom åtte timar fortel og spelar tolv skodespelarar historier henta frå eller inspirerte av den største menneskeskapte katastrofen gjennom alle tider; andre verdskrigen. Men dette er ikkje forteljingane om dei store slaga, hendingane som forandra krigens gang og verdshistoria, dette er dei små historiene som endra liva til einskildpersonar, både under og etter krigen. Eit episk lappeteppe av dokument og dikting. Og krigen held fram med å oppta oss fordi han enno er så bestemmande for korleis vi tenkjer og innrettar oss i samtida.

DEBATT OM KRIGEN

Som ein integrert del av kvar framsyning blir det arrangert ein debatt. I samarbeid med NRK Radioteatret inviterer vi journalistar, historikarar og forfattarar til å diskutere problemstillingar knytt til temaet krig. Var det vondskap som gjorde folk til medløparar for okkupasjonsmakta i Noreg? Kvifor var ikkje slutten på verdskrigen også slutten på jødehatet? Fortener motstandskjemparane heltedyrking? Har dei ekstremistiske haldningane og terrorismen vi ser i dag sitt utspring i krigshandlingar? Korleis definerer og forheld vi oss til nasjonalisme? Kan journalistar rapportere sant frå ein krigssone? Korleis forandrar forteljinga om krigen seg for kvar ny generasjon som kjem? Dette er nokre av spørsmåla Åsne Seierstad, Magnus Takvam, Sigrid Sollund, Monica Csango, Eirik Veum og Sigrun Slapgard vil løfte fram i debattane under framsyninga Andre verdskrigen – natt i verda. Panela vil variere frå gong til gong.
Les meir om debattane her
Høyr tidlegare debattar her

Framsyninga tar til ved midnatt og endar om morgonen – eit bilde på krigen som ei «natt i verda» og eit håp som stig ved morgongry.

NB! Stykket vil òg bli spelt på dagtid, for den som ønskjer det.

PAUSAR OG MAT

Framsyninga er ei totaloppleving på om lag åtte timar. For den som ikkje vil vere vaken heile natta, blir framsyninga også spelt på dagtid. Gjennom natta/dagen blir det tre pausar. I den lange pausen blir det matservering for dei som har bestilt dette. Det er sal av enkel mat og drikke gjennom heile framsyninga (sjå meir informasjon om matservering under).

FORTELJINGAR FRÅ HEILE VERDA

Andre verdskrigen – Natt i verda er skrive og lagt til rette av fire kjende dramatikarar frå fire ulike delar av Europa; Oleg Bogaev frå Russland, David Greig frå Skottland, Lukas Bärfuss frå Sveits og Maria Tryti Vennerød frå Noreg. I tillegg er det nytta dokument, lyd og bilde, musikk og forteljingar frå store delar av verda. Noko er fakta, men det meste fiksjon.

Verdskrigen4

HISTORIER, BREV OG DEBATT

Vi møter postmannen som ber med seg grufulle meldingar til innbyggarane på ei lita øy langt mot nord. Vi følgjer ungjenta Peggy som i samtale med ei gås får valet mellom at soldaten ho er glad i skal bli skoten ned, eller at flyet hans skal bombe ei heil blokk med kvinner og barn. Vi blir med inn på kontoret til ein dokter som forskar på idealmenneske og undermenneske. Dramatikaren Lukas Bärfuss kom over ein kasse med brev til ei jødisk kvinne som heiter Rebekka, og han presenterer nokre nokre av desse. Vi møter den dyktige omnsbyggaren som får bestilling på omnar så store at det var plass til mange menneske inni dei. Fattar han mistanke? Vi får innblikk i tilhøve ved Det Norske Teatret under krigen og opplever utdrag frå propagandaminister Goebbels sitt teaterstykke Vandraren. Vi blir med soldatar i Stalingrad som stimlar saman ved synet av ein elefant midt i krigssonen. Vi møter ein familie som kvart år på den same datoen møter opp på togstasjonen og ventar på nokon som aldri kjem. Ei mor som pratar til sine for lengst døde barn. Vi får opplese postkort med historier frå fortid og notid frå Damaskus, Leipzig, Beirut, Edinburgh, Shetland, Kuala Lumpur og Oslo.

 

REFLEKSJONAR OVER EI TAPT TID

Teatret kan ikkje spegle alle sidene ved krigen. Kvar historie og situasjon har også fleire moglege tolkingar og bakgrunnar. Krigen er ein del av identiteten vår, vi eig alle ein bit av han. Krigen har forma reglar og lover som gjeld rundt om i verda, og vi klamrar oss til trua på at noko slikt aldri kan skje igjen. Vi vonar å gi eit fleirtydig bilde av den største menneskeskapte katastrofen i moderne tid. Med framsyninga ønskjer teatret å skape refleksjon rundt temaet vondskap: Var vondskap drivkrafta til dei som stod bak teoriane som utsletta millionar av menneske? Er krigen rett og slett ein del av den menneskelege natur?

MAT OG PAUSAR UNDER KRIGEN

Gjennom framsyninga blir det tre pausar.

Alle som vil ha mat, må bestille på førehand og betale seinast kl. 16 dagen før framsyninga:

Pakke – mat/ drikke 180 kr

  • Termokrus (til odel og eige) med påfyll gjennom dagen/ natta med kaffi/ te
  • Dagens varme suppe med brød (i hovudpausen kl. 18.00/ 03.00)
  • Vatn

I tillegg vil Løve Restaurant og Bar vere open for sal av drikke og snacks gjennom heile dagen/ natta.

Du kan også kjøpe termokopp og drikke så mykje kaffi/te du vil gjennom framsyninga for 95 kr.