åstaddikting

  • Scene : SCENE 3
  • Varigheit : 1 TIME OG 5 MIN.
  • Pris frå: 215 ,-
  • Premiere: Urpremiere 25. februar 2017

Augeblikket livet får ein smell og tar ei heilt anna retning.

I ein vinterskog fyk åttiseks hjarte gjennom lufta.

I ein kupé sit det ein og diktar. Eit rednings-mannskap samlar seg. Nokon leitar etter ein pust i ei barneseng. To personar møter kvarandre for første gong.

Det skjøre livet

Eirik Fauske har gjennom stykket åstaddikting tematisert ei rad menneskelagnader som i eit utvida augeblikk kjem eller ikkje kjem i berøring med ei stor ulykke. Det er ei framsyning om vanlege menneske i augeblikk som kanskje endrar retninga på livet deira. Det store smellet, eller hendinga som opnar for tankar rundt dei store spørsmåla, og tydeleg viser kor skjørt livet kan vere.

Framsyninga er ei iscenesetjing av augeblikk, ei frise eller ei forteljinga om korleis og kva eit liv kan vere. Det handlar like mykje om blikket utanfrå, om publikums innstilling og evne til å betrakte ein slik handlingsgang, som sjølve forteljinga om ei ulykke. Korleis vi som publikum fortolkar, evnar å forstå og korleis vi bruker vår eiga førestillingsevne, vil bli like viktig som sjølve spelet i scenerommet.

Livet som reise

Kai Johnsen har regi og tar Eirik Fauskes tekst med seg i ein prosess på Scene 3 der dei skal skape fleire tablå av moglege situasjonar. Bildet på livet som ei reise, korleis menneska strøymer gjennom scenen, som små samfunn på hjul, vil endre teatersituasjonen og gjere publikum meir til medspelarar enn berre tilskodarar til denne teatrale leiken.

I samarbeid med Dramatikkens hus.

LES MEIR I ARTIKKELEN UNDER