Tilbake til Kan nokon gripe inn

Visste ikkje at karakterane fanst i tekstane

Stein Torleif Bjellas songar går til scenen.

TEKST Ida Michaelsen FOTO Siren Høyland Sæter

– Å covre Stein Torleif Bjella er nesten umogleg, sidan han framfører songane sine så steinbra sjølv, seier Kjersti Dalseide. – Kjersti er ein av dei flottaste vokalistane eg veit om, kontrar han og meiner at songane hans blir som nye i hennar tolking.

stein-torleif-bjella-og-aal-stasjon

Stein Torleif Bjella på Ål stasjon i heimbygda. Kanskje er det her handlinga i vårens musikalske storsatsing utspelar seg? Foto: Siren Høyland Sæter.

I januar er dei aktuelle i det som blir Bjellas debut i teatersamanheng. Vi har tatt turen til Ål i Hallingdal for å møte både skodespelaren og låtsnikraren på heimplassen for å snakke om vårens store satsing på Det Norske Teatrets hovudscene. Kan nokon gripe inn er tittelen på framsyninga som skal levandegjere Bjellas univers.

Heile katalogen på scenen

I Kan nokon gripe inn er låtmateriale frå alle Bjellas fire album samla, plukka frå kvarandre og bygd opp igjen til ei historie som utspelar seg på ein stasjon ein eller annan stad på bygda. Dei fleste tog dundrar forbi, men det er liv i stasjonsbygninga, og her møtest ein gjeng som alle lengtar bort, eller til noko anna.

kan-nokon-gripe-inn-uttrykk

Plakatfoto til Kan nokon gripe inn. Her er ho som alle var forelska i på ungdomsskolen. No ventar ho barn nummer to, denne gongen med Stanley, som ho ventar på. Foto: Fredrik Arff.

– Ja, det er songtekstane mine som blir nytta, men Lasse Kolsrud som har skrive manus har skrive scenar mellom dei og har definert eit persongalleri som eg ikkje visste var der. Eg ser jo no at dei eg syng om også kan vere desse menneska som han har skrive inn. Eg har berre ikkje hatt så klare definisjonar av dei før. No har teateret full fridom til å gjere kva dei vil med tekstane og songane mine, seier han, som sjølv ikkje skal stå på scenen i framsyninga.

Musikalske noveller

Stein Torleif Bjella er aktuell med albumet Gode Liv, som har fått kritikarkorpset til å erklære musikaren som eineståande. Bjella har med det melankolske, tekstmaterialet sitt etablert seg som ein sjeldan historieforteljar med ei særeiga røyst i det norske musikkfeltet. Lyttarskaren har vakse jamt og trutt sidan solodebuten med Heidersmenn i 2009. Å erobre landet med lågmælt visesong i ei tid som vår, er slett ikkje gitt. Det er i alle fall ikkje ein opplagd suksessformel han har lagt seg til, men Gode Liv gjekk rett inn på andreplass på VG-lista.

coveret-til-bjellas-cd-gode-liv

Coveret til Bjellas siste album Gode Liv kan sjå ut som eit bilde som har lege i nokons lomme ei lang tid.

– Det blei veldig bra. Eg er stolt og letta. Men det er òg litt skummelt. Eg har likt det eg har høyrt, men no er plata alles. Det er ein overraskande og overveldande respons, seier Bjella om det samstemte kritikarkorpset. Bjella appellerer til alt frå harde rockarar med blaute hjarte, tause menn og kvinner, staute karar og sjarmerte jenter, intellektuelle åndssnobbar og ærlege musikkelskarar, for å sitere ein av meldarane. Særleg blir evna hans til å fortelje dei gode historiene på i eit avgrensa tidsrom trekt fram. Det som særleg kjenneteiknar songane, er nettopp at det skjer så mykje på så liten plass, og det er kanskje grunnen til at teateret fatta interesse for stoffet.

Personar vi alle kjenner

Kjersti Dalseide er ein av fleire songsterke skodespelarar som skal tolke Bjellas låtar. På scenen står òg Hallvard Holmen, Hildegun Riise, Hans Rønningen, Joachim Rafaelsen og Pål Christian Eggen. Dalseide er oppvaksen i Øvre-Ål og kjenner seg igjen i songane hans.

kjersti-dalseide-er-med-i-kan-nokon-gripe-inn

Det er klart at menneska i Stein Torleifs låtar finst på Ål. Finst dei ikkje over alt, spør Kjersti Dalseide som er ein av seks skodespelarar som skal tolke Bjellas univers. Foto: Siren Høyland Sæter.

– Det er klart at desse personane finst på Ål. Dei finst i alle samfunn, store som små. Eg har ofte tenkt når eg lyttar til låtane hans at oi, er det han, eller nokon han har sett for seg spesielt, eller dette kan minne om den. Det er likevel vanskeleg å sjå ting utanfrå, eg er sterkt knytt til bygda Ål, det er kanskje lettare for andre eller tilflyttarar å setje merkelappar på oss. Eg trur grunnen til at dei treffer oss så sterkt, er at menneska han skriv om, tankane deira og kjenslene, er så universelle.

Ho framhevar òg Bjellas evne til å framstille små destillerte univers, som òg er veldig store. Her er klare typar som ho ser fram til å få prege utforminga av.

– Det er forbunde med ein viss nervøsitet å skulle tolke songane hans. Stein Torleif er ein særeigen formidlar, og det er ingen som kan gjere songane som han sjølv. Men i teaterformatet kan vi dra det ganske langt og heilt utanfor eit konsertformat, og det er kanskje staden der ein kan strekke det ut i andre retningar.

Erfaren regissør ved spakane

Lasse Kolsrud har skrive manus og har regi på framsyninga. Han har tidlegare, med stor suksess, skapt forteljingar om vanlege folks liv frå vanlege bygde- og småbysamfunn. I alle desse har musikken vore ein viktig del av oppsetjinga. I Bikubesong av Frode Grytten følgde vi familiane i ei blokk i sentrum av Odda, og her var det The Smiths som lydla scenerommet. Sånne som oss gav eit innblikk i tre generasjonar innbyggjarar i forstaden Loddefjord utanfor Bergen. Her var John Olav Nilsen og gjengen tonefølgjet. Denne gongen har Lasse Kolsrud fridd til ein av notidas aller fremste visekunstnarar.

lasse-kolsrud-regisserer-kan-nokon-gripe-inn

Regissør Lasse Kolsrud har hatt stor suksess med forteljingar om vanlege folks liv på scenen. Her er han i rolla som Utroparen i Woyzeck, ei framsyning med Tom Waits musikk som han hadde regi på hausten 2014. Foto: Erik Berg.

– Det måtte bli Stein Torleif, seier Lasse Kolsrud om kvifor han vel å ta nettopp Bjella til scenen. – Han har eit skakt blikk på ting, og dette blikket er både sårt, utleverande og komisk. Tekstane passer rett inn i teaterformatet. Han skriv i eg-form, karakterane hans kan delast på mange roller, han skriv fram eit heilt univers som er veldig menneskeleg, og som handlar om noko så universelt som å takle kvardagen eller sjølve livet, om du vil. Og jo meir du høyrer på det, dess meir humoristisk oppdagar du at det er.

Kolsrud meiner Bjella kan nå ut til langt fleire enn den middelaldrande mannen som føler at Bjella er ein som syng om dei.

– Eg meiner, dei nikkar gjenkjennande og trur dei er heidersmennene han skriv om. Sanninga er at Bjella skriv om ein kar som har budd så lenge heime hos mor si at ho til slutt vel å flytte. Dei hadde grei arbeidsfordeling, det var aldri bråk om det, ho styrde inne og ute, han tok ansvar for ved, går songen. Det er ei komisk omskriving av omgrepet heidersmenn som appellerer til meg, seier Lasse Kolsrud. Kan nokon gripe inn har premiere på Det Norske Teatrets hovudscene 14. januar.