Tilbake til Snøkvit

Spegel spegel på veggen der – Kven er vakrast i landet her?

I dag kunne regla like gjerne ha vore: Bilde, bilde på Facebook-veggen der, kven får flest likes av alle her?

TEKST Ida Michaelsen

Behovet for stadfesting og forsikringar har alltid vore der. I dag er spegelen erstatta av kameraet, og kanskje er nettopp gjenkjenninga noko av forklaringa på Snøkvits slitesterke appell. I haust kjem Snøkvit i ein splitter ny – og spegelvend versjon –  til Hovudscenen.
– Det er kult at vi tar ei historie som på sitt vis er kjend, men ho er jo kjend for ein spesiell versjon. Det finst jo ei original historie, og kjernen i den er det vi skal fortelje, seier Heidi Gjermundsen Broch som skal spele dronninga. Dottera Snøkvit blir spelt av  Charlotte Frogner – ein superduo som skal gjere Hovudscenen til ein musikalsk fest i haust.

Tøff og modig jente

– Grimms eventyr, som framsyninga er basert på, er ei nokså mykje mørkare historie enn den vi alle kjenner frå Disney, seier ho.
– Det er noko ekstra spennande å skulle dykke ned i denne Snøkvit-karakteren, ei jente som vil lausrive seg, som kjenner at kjolebandet plutseleg er for stramt, at prinsessekrona er i vegen, som vil gjere opprør og som vil ut.

Det er ei modig jente eg skal prøve å leite fram som ikkje berre ønskjer å vere pen.

Ho gjer opprør mot ei mor som prøver å halde henne litt for tett til brystet, ho er ei sjølvstendig jente som tar styring over sitt eige liv. Ho bryt laus og oppdagar verda på sin eigenmåte. Ho er kul, rett og slett, seier Charlotte.

Ny versjon

Heilt frå starten, da brørne Grimm skreiv ned eventyret om Snøkvit tidleg på 1800-talet, har forteljinga om den vakre kongsdottera fengsla store og små. Dramatikaren Maria Tryti Vennerød har lenge drøymt om å skrive ein musikal i det store formatet. Saman med ektemannen, komponisten Julian Skar, løftar ho fram ein solid klassikar og gir han ikkje berre ein ny vri, men vektlegg også nye sider ved den velkjende Snøkvit-historia. Her blir det god gammaldags teatermagi, men òg ei langt tøffare og viljesterk Snøkvit, og ei ekte mor som blir heks. Prinsen er blitt til ein gartnarson, og dvergane er kloakkarbeidarar langt nede under jorda. I skogen finst eit magisk tre, og eplet er blått. Eplet er farleg, for den som smakar på det, risikerer at verda går i knas. Maria Tryti Vennerød har boltra seg i mytiske referansar, spenning og kjensler. I denne spegelvende versjonen utfordrar ho dei vande forventingane vi har til heile historia.

Ikkje vakker nok

– Snøkvit er jo eigentleg ei grotesk historie, seier Maria.

– I den eldste versjonen var det heller ikkje snakk om ei stemor. Det var ei ekte mor som ikkje kunne halde ut at dottera blei ei vakrare kvinne enn ho sjølv, og eg har villa sjå nærmare denne forteljinga.

Eg trur at konflikten mellom mor og dotter er meir universell enn vi tenkjer oss i dette eventyret. I min nye versjon har eg snudd det opp ned: Konflikten oppstår mellom mor og dotter når dottera ikkje er vakker nok, eller meir presist: når forholdet deira ikkje blir slik mora ønskjer.

Disneys første langfilm

Eventyret blei sjølv på brørne Grimms tid det mest populære av alle eventyr i samtida. I 1937 kom Walt Disney med sin første store heilaftans teiknefilm, eit halsbrekkande prosjekt som heldt på å velte økonomien i selskapet. Etter dryge fire år under produksjon kunne filmen endeleg ha premiere. Mottakinga var formidabel, ikkje berre spelte filmen inn rekordhøge summar, dette var første gongen at eit publikum identifiserte seg med ein teikna figur. I 80 år har filmen overlevd som ein av dei største suksessane i filmhistoria og grip stadig nye generasjonar av barn som lar seg forføre av dronninga som ønskjer seg eit barn med hud kvit som snø, lepper raude som blod og hår svart som ibenholt.

Når slottet blir for keisamt

– Maria si vinkling av eventyret er spennande, seier Kjersti Haugen som skal ha regien.
– Dronninga er veldig vakker, ho har sjølvsagt ein draumeheim og ein spegel som stadfestar kor perfekt og fint alle ting er. Mor og dotter speglar seg saman, i kvarandre, og mor får oppfylt alle ønska sine gjennom dottera. Men ein dag synest Snøkvit det er litt keisamt på slottet, litt avgrensa, så ho får lyst til å stikke ut ein tur. Ho har lyst til å leike, til å møte andre, klatre i tre og skitne seg til. Sjølv om det er eit eventyrleg univers, har det ein nokså alvorleg og svart undertone.

For Snøkvit spør seg sjølv undervegs om kven ho er, kven ho vil vere og kva for ein veg ho kan velje dersom mora ikkje aksepterer dei vala ho tar.

Avsetje mor frå trona

Maria Tryti Vennerød har ikkje berre dikta vidare på denne grunnhistoria, ho dykkar også djupare ned i dette.
– Eg har gjort ei moderne tolking av urforteljinga om å lausrive seg og avsetje foreldra frå trona, seier ho. – Det handlar om Snøkvits redsle for å innsjå og ta konsekvensane av sanningane om mora.

Dei fleste mødrer og fedrar er kongar og dronningar i barna sine auge. Slik skal det vere. Men eg trur mange kan hugse tilbake til vonbrotet da vi oppdaga at foreldra våre ikkje var gudar. Det er ei nødvendig oppdaging, men ikkje nødvendigvis eit godt minne.

Og det er ikkje berre barn som kan vere vanskelege: Nokre foreldre vil at barna skal bli sjølvstendige for tidleg. Andre tviheld på sin eigen status som opphøgde og blir hekser og troll viss posisjonen blir utfordra. Vi foreldre må hugse å nyte tida da vi faktisk er opphøgde til kongar og dronningar i livet til barna våre. Tida er knapp, og oppdraget vårt er å ruste dei til vaksenlivet, gi dei tryggleik, kjærleik og dei nødvendige verktøya for å klare seg. Foreldre-barn-forholdet er tett, det er lett å gå i surr i kven vi er, kva for meiningar og verdiar som er våre eigne og ikkje berre overleverte frå generasjonen før oss. Våre eigne foreldre lever gjerne i oss heile livet, men vi må sjå og møte livet med eigne auge og gjere sjølvstendige val. Og Snøkvit må faktisk ta eit val om å stikke frå mor som er blitt ei heks!

Er mora eigentleg så slem?

Heidi Gjermundsen Broch som spelar mora er ikkje så sikker på at dronninga eigentleg er så vond.

– Det hender at vi som foreldre tar forferdeleg dårlege val for barna våre fordi vi i kampens hete trur det er det beste, seier ho.

– Det er jo vanskeleg når du ikkje forstår barna dine. Viss du som forelder opplever at barnet ditt har eit mot og ein vilje som du sjølv ikkje har, men som du kanskje skulle ønskje du hadde, så kan du både bli sjalu og misunneleg – og sint! Det er eit morosamt spenn å utforske. I tillegg til å vere ei familieframsyning med masse song og musikk, så kan det vere eit godt utgangspunkt for foreldre å sjå barna sine med nye auge. Dette er ei historie om lausriving frå mor, og så skal vi sjølvsagt pakke historia inn i – forhåpentlegvis – fantastisk fint teater, og viss det går an å klinke til og spele skikkeleg vond og fæl innimellom, så er jo det også kjempegøy, men det må jo vere for ein grunn, understrekar ho med eit smil.