Tilbake til EDDA

SKILNAD PÅ BOK OG FRAMSYNING

Det er stor skilnad på Jon Fosse sin tekst og framsyninga Det Norske Teatret presenterer, meir enn det pleier å vere i teatret.

TEKST Carl Morten Amundsen, dramaturg FOTO Lesley leslie-Spinks

Vanlegvis er norsk teater iscenesettingar av skodespel. Det vil seie at teksten på sett og vis tener som eit slags partitur for framsyninga.

Det er ikkje slik Wilson har arbeidd med Edda. Ved andre høve ligg han mykje tettare på eit tekstleg førelegg sjølv om han også då gjer bruk av sitt eige biletspråk og stiliserte spelestil.

Men ein tradisjonell framgangsmåte ville ikkje ha passa for Jon Fosse sin Edda. Kanskje skuldast det at Jon då han skreiv sin versjon for oss, hadde slutta å skrive skodespel. Iallfall har han erklært det, at tida med teaterstykke er over for hans del. Teksten han har skrive, er hans versjon av dei norrøne gudedikta. Han har gjort det klart at han ville liggje tett på originaldikta. Han gjorde sitt utval, og han lar dikta komme frå munnen på gudane i ein slags forteljande dialog. Denne verda blir fortalt fram. Det meste av det som skjer, hender ikkje på scenen, men har hendt og blir referert til.

Loke,-Ty,-Volva-og-Dauingen-i-Edda

Loke, Ty, Volva og Dauingen

Ganske tidleg vart det klart at denne konstruksjonen med lag på lag med forteljing ikkje heilt gjekk i hop med eit ekspressivt biletspråk der bileta er direkte assosierande og fortolkande. Vi måtte kort sagt korte kraftig ned og gjere radikale val både med tanke på dramaturgi og estetikk. Wilsons Edda er ikkje ei gjenskaping av norrøn gudeverd. Der Fosse held ope ulike tolkingar, leverer Wilson sine. Wilson har flytta desse historiene inn i eit landskap der dei gamle mytane møter vår tids populærkulturelle mytar i ein slags draumspelaktig form.

Korleis har vi så gått fram?

volda-og-Oding-i-Edda

Volva og Odin.

Vi har hatt ein abstrakt og formal struktur i botn. Det var ei veksling mellom nærbilete, gruppe og landskap avbrote av abstrakte mellomspel stort sett utan skodespelarar. Så vart bilete eller historier valt ut. Scenografien vart så skapt på bakgrunn av overskrifter av typen Odin heng i Yggdrasil, Tor på fisketur med Hyme, Sorg over Balders død, Ragnarok 1 osv.

Alle desse situasjonane eller utdraga av forteljingar fann vi i Jons tekst, men så tok vi på sett og vis bort teksten. Karakterar, rørsler, musikk og handlingar vart så skissert i «Stage-A»-delen av prøvetida (for eit knapt år sidan), og så byrja vi å putte tekst attende i desse bileta, i form av fragment eller monologiske parti.

Utvalet av desse tekstane som er den talte teksten, er no prega av den lesemåten som etterkvart manifesterte seg. Denne lesemåten har utvikla seg i ulike stadium på dei knappe to åra vi har jobba med dette materialet, frå workshop på Watermill på Long Island i 2015 via Stage-A i 2016 til denne avsluttande prøvetida no i 2017. Og vi har hadde fram med å oppdage ulike sider av materialet heile vegen, ja også no i skrivande stund.

Tor-et-kjoet-i-Edda

Tor.

På hele denne ferda har vi vore eit kollektiv under Robert Wilson sitt tydelege leiarskap. Her har vore scenograf, co-regissør, kostymedesignar, komponistar, meg sjølv, og  etter kvart vart ulike avdelingar på teatret involvert og skodespelarane.

Jon Fosse sin tekst har vore utgangspunktet, men han er vanskeleg å kjenne att. Det er derfor fint at teksten finst i bokform, ein kan lese han sjølv, og han kan tene som grunnlag for heilt andre teaterframsyningar i framtida.