Tilbake til The Book of Mormon

Sensasjonen frå Broadway til Oslo

Den beste musikalen i dette hundreåret, skreiv The New York Times etter at gutta bak South Park brakdebuterte med musikalen The Book of Mormon på Broadway i 2011. No landar suksessen i Oslo etter seks år med fulle hus i New York og London.

TEKST Ida Michaelsen FOTO Siren Høyland Sæter

— The Book of Mormon er boka du ikkje visste du ville elske, seier Frank Kjosås som har kapra ein av dei ettertrakta rollene i stykket. Musikalen, som over natta blei ein sensasjon, har sprengt alle grenser for kva ein tøyse med. Men Trey Parker og Matt Stone gjer det på ein smakfull og intelligent måte og kjem unna med det meste. Til og med det meir eksplisitte språket. Her blir ingen eller ingen ting spart.

Umake par

To unge mormonarar skal på sitt første misjonsoppdrag. Rett frå vidaregåande og ein trygg og beskytta oppvekst i Utah, USA, går turen til det krigsherja og sultprega Uganda (som også strir med AIDS.)

Kulturkrasjen kunne knapt ha vore større.

Eldste Price er den amerikanske draumeguten, som med sitt perfekte ytre og sin lytefrie oppførsel har surfa gjennom livet, populær og omsverma. Han kan sin bibel, eller Mormons bok om du vil, og er overtydd om at han kan frelse heile verda. Han meiner han vil gjere det så godt at sjølv Gud blir imponert.

Les også: Frå skaparane av South Park.

Eldste Cunningham derimot er ein nerd og ein mammadalt som har fått sydd puter under armane gjennom heile oppveksten. Han diltar etter, er ikkje av den kule sorten og nok inst inne ikkje den Price ville ha føretrekt som kompanjong. Cunningham har eit vagt forhold til Mormons bok, han er langt meir inne i Star Wars og har eit omtrentleg forhold til framgangsmåten som mormonarkyrkja har godkjent for misjonsoppdrag.

The-Book-of-Mormon-songinnspeling-og-reklamefilm

Frank Kjosås og Kristoffer Olsen under opptak. Kristoffer Olsen er eit ukjent namn for det norske publikummet. Han er henta heim frå musikalscenen i London for å gjere rolla som Eldste Cunningham. Foto: Siren Høyland Sæter.

Med andre ord – det er kanskje ikkje den mest samkøyrde duoen som landar i Afrika. I møtet med elendigheita og utfordringane viser dei to unge gutane andre sider av seg sjølve, og opphaldet vil på sett og vis endre dei begge.

The Book of Mormon er ikkje berre ein hysterisk harselas med religion, frelse og tøvete læresetningar og trusspørsmål. Det er òg ei coming of age-historie, der opplevingane i dette utsette samfunnet fører til ei oppvakning for begge unggutane.

Les også: Musikken er ved komponisten bak Frost.

Vil ikkje gjere narr

«Eit ateistisk kjærleiksbrev til ein religion» har skaparane av The Book of Mormon kalla musikalen.

— Intensjonen var aldri å gjere narr av mormonarane. Vi bruker mormonarar til å seie noko om religion meir generelt, fortel dei i eit intervju med Theatre Talk. – The Book of Mormon seier ikkje berre noko om korleis religion kan få folk til å tru på sjølv det mest utrulege, stykket viser også korleis religionar utviklar seg. Det er kanskje litt fornærmande, men ikkje kynisk. Musikalen peikar mot optimisme og mot å ha det gøy.

Vidar Magnussen debuterer som regissør

At det er gøy, er noko Vidar Magnussen kan seie seg einig i. Komikaren og skodespelaren skal debutere som regissør på The Book of Mormon, ei oppgåve han går til med glede.

Vidar-Magnussen-skal-debutere-som-regissoer-med-The-Book-of-Mormon

Komikar og skodespelar Vidar Magnussen har regi. Han meiner dette er noko av det vittigaste og mest intelligente som er blitt skrive i nyare tid.

— At det er gøy, er noko Vidar Magnussen kan seie seg einig i. Komikaren og skodespelaren skal debutere som regissør på The Book of Mormon, ei oppgåve han går til med glede. –  Kvar person eg har møtt, fortel ei nesten identisk historie som den eg sjølv fortel om opplevinga mi etter å ha sett The Book of Mormon. Der satt eg, med ein 14-åring på venstre sida av meg og ein 70-åring på høgre. Gjennom to timar skrattlo vi alle saman. Alle lo frå botnen av magen. Det er ei oppleving eg aldri har hatt før. Og eg trur det berre skjer ved eit par skotårstilfelle, når nokon lagar ein perfekt komedie. Den treffer alle. Det blir ikkje betre enn dette, seier han.

— Bra vi kan seie føkk

For å omsette dei språklege finessane, for ikkje snakke om grovheitene, og den kjappe replikkvekslinga, har teateret hyra inn Are Kalvø, som ikkje er ukjend med satire, men som må hente fram eit vokabular han nok ikkje nyttar i det daglege.

– Mange originale utfordringar i manus, men no har jo mange nordmenn begynt å banne på engelsk. Da kan du jo seie ord som føkk på norsk, heldigvis, det løyste ganske mykje, seier han om arbeidet med omsetjinga, seier Are Kalvø. Foto: Siren Høyland Sæter.