Tilbake til Songfuglen

Sandra Kolstad – popartist og komponist

Eg kjende straks ei draging mot dette stoffet, det mørke og dystre.

Det er ei sterk forteljing som etterlèt ein djupt rørt. Historia har politiske undertonar: Kva er akseptert – kva er ikkje akseptert – kven bestemmer kva som er norma? Eg er grunnleggjande oppteken av kjønn og identitet og meiner at alle må få skape sin eigen identitet og definere seg sjølve. Kven ein er her i verda kan lett bli eit påtvinga skal.

Det slo meg kor mykje musikk det er i boka. Eg har freista å høyre for meg og tolke musikken Leikvoll har skildra. Kva lydrom måler han opp? Lydbildet blir ei blanding mellom elektroniske lydteppe, piano, synth, song og korparti. Eg strekkjer meg etter at mest mogleg skal vere live. Det blir musikk med religiøse undertonar, svevndyssande musikk og songar med meir militant, suggererande og trugande karakter. Musikk har opp gjennom historia blitt brukt til dei forferdelegaste ting, men også dei nydelegaste. Eg prøver å nytte dette doble.

Musikken representerer både fangenskap og fridom for Jakoba, som er ein velsigna songar. Det same er Frank Kjosås, som spelar Jakoba. Musikken har ein sentral plass i dette samfunnet og det å vere songar blir sett på som noko opphøgd og ærverdig. Frank har gitt meg beskjed om å ikkje avgrense meg i noka retning. Han har ei enorm stemme, og det gjer dette mogleg. Å syngje i falsett bryt med norma for korleis menn «skal» synge. Men det får fram så mange såre kvalitetar og er sterkt å lytte til. Vi vil også utfordre korleis vi er vane med å høyre kvinner syngje – vi er ikkje så opptekne av typisk «skjønnsong».

 

SANDRA KOLSTAD
Popartist og komponist

Aktuell med musikken til SONGFUGLEN.

Foto: Siren Høyland Sæter