Tilbake til The Book of Mormon

Robert Lopez møter South Park-gutta back stage. Der og da blir musikalhistorie skapt.

Nokre samantreff er nesten for utrulege.

TEKST Ida Michaelsen FOTO Eirik Malmo

Parker og Stone er på musikalen Avenue Q, som dei har fått sterkt anbefalt. Begge forelskar seg i forma: Dette vil dei også gjere. Kombinasjonen av humor, songar og satire er oppskrifta på deira eigen draumemusikal. I programmet ser dei til si store overrasking at dei blir takka. Utan at dei kjenner nokon av opphavsmennene.

Merkeleg, tenkjer dei, men så viser det seg at komponisten Robert Lopez er i teateret same kvelden. Dei blir introduserte, og det kjem for ein dag at han hadde same opplevinga etter å ha sett filmen South Park fire år tidlegare.

Matt-Stone-og-Trey-Parker-staar-bak-the-book-of-mormon

Matt Stone og Trey Parker står bak idéen til musikalen The Book of Mormon. Dei er også kjende for å vere skaparane av animasjonsserien South Park. Foto: Victoria Will / AP / NTB scanpix.

På spørsmål om kva eller kven Lopez (også kjend for songane til Frost ) ville lage den neste musikalen sin om, er svaret Joseph Smith, den karismatiske grunnleggaren av mormonarrørsla. Samantreffet var for utruleg til å la ligge. Det blei ein sein kveld. Lopez la ut om korleis han såg for seg eit show om religion som var spekka med humor og der latteren ville bygge seg opp rundt dei utrulege religiøse historiene og mirakla.

Etter å ha diskutert historia til Smith, om korleis han mottok bodskapen på gyldne steintavler, brøyt opp frå landsbyen og med ein flokk la i veg over det amerikanske kontinentet for å komme til sin bibelske by, Salt Lake City, der mormonarkyrkja i dag har sitt hovudsete, vende dei seg bort frå tanken.

Det blei ikkje berre for gammaldags i estetikken, den ville heller ikkje innehalde alle element som er naudsynte for å lage ein god Broadway-kjensle.

Det måtte meir temperatur, kjensler og gjerne ei god gammaldags kjærleikshistorie til. Valet falt på misjonærane. På dagens religionsutfalding og på estetikken som mormonarrørsla forfektar.

Lopez seier avlutningsvis; du veit, viss de ønskjer å gjere det, er det heilt i orden. Fordi eg vil verkeleg sjå kva de gjer, meir enn det eg vil gjere. Trey Parker og Matt Stone svarte: Nei. La oss gjere det saman .

8 år seinare blir The Book of Mormon omtala som musikalen som fornyar sjangaren. Og vinn det som er av prisar. No er den endeleg klar for Oslo, Det Norske Teatret var dei første som sikra seg rettane utanfor USA og UK.