Tilbake til EDDA

NORRØNE MYTAR SOM FERSKVARE

Edda – ordet slår opp døra til mytologi, norrøne gudar, barske vikingar og kampgny. Med denne framsyninga har Det Norske Teatret henta fram noko av arvesølvet i nordisk kulturhistorie.

TEKST Gro Steinsland TIL NYNORSK VED Arne Torp FOTO Lesley Leslie-Spinks

Arvesølv skal helst behandlast med tradisjonstung respekt. Men vårens blodferske EDDA-framsyning, bygd på Jon Fosses omarbeiding av eit utval eddadikt og iscenesett av Robert Wilson, vil nok riste oss i teatersalen ut av vande spor. For dette er eddamytar i gneistrande møte med oss sjølve og vår eiga tid. Her går finslipte arveord i klinsj med modernitet og popkultur. Det er verken norrøne gudar eller brautande vikingar som står fram på scenen, men skapningar som på ulike vis speglar konfliktar i vår eiga tid. Vi vil bli overraska, uroa og truleg få ei og anna aha-oppleving i møtet med det tidlause og evig aktuelle i mytologiens biletverd.

Mytar er forteljingar om livet

Mytar er forteljingar om gudar og makter og deira gjeremål i opphavet da spelereglane for livet blei lagde. Mytologi kan visast fram og opplevast på mange plan, som trusuttrykk, som kulturelle minne, som fargerike tablå, som livserfaringar eller djuppsykologiske symbolreiser i sinnet. Da kristendommen for tusen år sidan trengde unna den gamle åsatrua, levde mytane vidare som kulturhistoriske minne. Dei blei identitetsmarkørar for menneska i Norden, på line med rolla som romersk og gresk mytologi fekk på sørlegare breiddegrader.

Volva-og-Midgardsormen-i-Edda

Volva og Midgardsormen.

Kvase og diktardrykken

Kvase blei skapt av spytt frå alle gudane og er derfor klokare enn andre. Gudane var komne saman for å slutte fred, og Kvase blei til som teikn på fredsviljen. Men misunning og strid førte til at han blei drepen og blodet hans blanda med honning. Den kostelege væska blei teken vare på i tre store kar. Slik oppstod skaldedrykken som jotunen Suttung fekk tak i som derfor blir kalla Suttungsmjøden. Jotunen sette dottera si, Gunnlod, til å vakte den dyrebare drykken langt inne i fjellet.

Denne hendinga blei utgangspunktet for Odins veg til diktekunsta, ein veg merkt med list og rov, blod og drap, eros og svik. For Odin gjorde kva som helst for å skaffe seg tilgang til ordkunsten. Han stal, han forførte og sveik – alt for å få ført drykken heim til Åsgard. Kunstnarevna er dyrekjøpt. Det veit diktaren Brage, arketypen i den norrøne diktekunsten, som kjem med visjonen om den nye jorda som ein gong skal stige opp av havet. Men før vi kjem så langt, skal store og dramatiske ting skje som gjeld oss alle.

Eit dramatisk verdsbilete – gudar og jotnar

Det enklaste er å lese mytane som eit spel mellom to polar i tilværet, framstilt gjennom gudar og jotnar. Dei fleste mytane dreier seg kring motsetnaden, avhengigheita, kampen, tiltrekkinga og alliansane mellom gudar og jotnar. Det betyr ikkje at gode gudar står mot vonde jotnar. Det norrøne verdsbiletet er meir sofistikert enn som så. Det er heller snakk om ulike kulturar og verdiar som er på kollisjonskurs med kvarandre.

Ragnarok-i-Edda

Ragnarok.

Orden mot kaos

Gudane som skapte verda, vil at orden skal råde både i Åsgard og Midgard. Yggdrasil er verdstreet som veks midt i kosmos. Ved rota av treet samlar gudane seg til tingmøte og lovarbeid. Rundt Åsgard ligg menneskeverda som heiter Midgard, staden i midten.

Jotnane som bur i Utgard, i utkantane av den kjende verda, har andre interesser. Dei er kloke og smarte og eig klenodium som gudane treng for å halde på makta. Men gudane er korkje allvetande eller allmektige, dei slit hardt for å halde den sårbare verda saman. Jotnane har inga interesse av at gudane sitt skaparverk skal bestå. Derfor må gudane heile tida skaffe seg meir kunnskap og erfaring. Da blir det mange reiser, møte og alliansar, eidsavleggingar og avtaler på høgt plan. Og di meir krevjande samspelet mellom maktene blir, di meir katastrofalt er sviket, eidsbrotet, lureriet og valden.

Fimbulvinter-i-Edda

Fimbulvinteren kjem før Ragnarok.

Robert Wilsons blikk

Kvart scenebilete er fortetta av meining: eddastrofer i botnen, Fosses omarbeidde tekst lagd ovanpå, og til sist Robert Wilsons særeigne koreografi, med stiliserte scener som er gjennomført visuelle, symbolske og estetiske. Lys, farar, rørsler og musikk går opp i ein høgare einskap.

I kryssingspunktet av fortid, framtid og notid i mytane blir vårt eige blikk skjerpt. Vi blir utfordra av alle laga i forteljingane, vi aner djupnene i dei stiliserte scenebileta. Dramaturgien inviterer oss til å vere meddiktarar, gjere stoffet til vårt eige, både i tilslutnad og opposisjon til Fosse og Wilson.

Odins hengd i treet

Når Odin hengjer seg i Yggdrasil, er det den mytiske måten for å fortelje at den høgaste av gudane må ofre seg for å få tak i runekunsten, teiknet på visdom. Her nærmar eddateksten seg mystikken, det er tale om ei innviing eller ein initiasjon som går over grensa mellom liv og død. Guden må lide seg gjennom døden for å kunne meistre tilværet.

Odin-som-roskestjerne-i-Edda
Yggdrasil er livstreet som symboliserer tid og rom og fullt ferdig skaparverk. Treet har parallellar i andre mytologiar; frå Bibelen kjenner vi Kunnskapens tre og Livets tre. Namnet Yggdrasil betyr ”Odins hest” og speler på metaforen av at hengde menn rir i galgetreet. Eit lite stikk av uro ved sjølve namnet på verdstreet – alle ting har ein brest, det visste nordbuane.

Når Wilson lar Odin i Elvis-kostyme og med el-gitar bli heist opp i Yggdrasil, blir den religiøse mystikken broten. Odin blir popartisten eller kunstnaren som sprellar i lyskastarstrålane i verdas midtpunkt.

Mistelteinen

Det Odin ikkje veit, er at ein misvekst har skote fram i toppen av treet, ein misteltein, det er eit katastrofevarsel. Den vesle planten skal ta livet av Balder. Brodermordet vil råke både gudar og menneske, for med dette blir den historiske utviklinga vend mot undergang i Ragnarok. Balder-myten fører oss inn i den eksistensielle dimensjonen ved mytologien. Erfaringa tilseier at ingen kan heilgardere seg mot ulykke og død.  ”Lita tue velter stort lass!” På ein augneblink kan alle planar bli kollkasta.

sigve-Boe-som-Brage-i-Edda

Balder blir offer for ei pil laga av misteltein.

Macho-guden blir til latter

Tor med hammaren – macho-guden som helst ordnar opp med nevane – er lett attkjennande på handvåpenet som han sjeldan legg frå seg. Dialog og forhandlingar ligg ikkje for denne karen, som helst handlar før han tenkjer. Vel har han sine gode sider, han passar på verda, men han kan bli farleg fordi han alltid må vise seg sterkast og modigast.

I-Edda-er-det-Frode-Winther-som-speler-Tor

Tor med hammaren Mjølner.

I fleire situasjonar dummar Tor seg loddrett ut. Som da han oppdagar at hammaren er stolen og ført til jotunheimen. I bytte mot hammaren ville Trym berre godta ein ting: ”Bring meg Frøya til jotunheimen som brur”.

Gudane ber Frøya ofre seg for den gode saka og gå med på ekteskap med jotunen. Men Frøya er ei fri kvinne, ho opplever forslaget til gudane som ei enorm integritetskrenking. Raseriet hennar er så sterkt at den svære brystsølja hennar sprekk. Gudane ser ingen annan utveg enn å kle Tor i brurestas og følgje han til jotunheimen.

I bryllaupsgarden et og drikk Tor skam på seg før han under viinga får det kjære hammarskaftet i handa og kan avsløre maskespelet. No kan han knuse skallar på jotnar og gygrer. Hammaren kom tilbake til Åsgard, men latteren over denne ferda runga lenge i Åsgard.

Ein spesiell fisketur

Tor blei ikkje mindre til latter da han i purt overmot ville fiske Midgardsormen opp av havet. Ormen som ligg kveila rundt Midgard der menneska bur, er av jotunætt, men utfører ei nødvendig oppgåve som vi alle er takknemlege for: Midgardsormen held verda saman.

Jon-Bleiklie-Devik-som-Hyme-i-Edda

Jotunen Hyme.

Dei måtte ro langt ut på storhavet dei to i båten, Tor og jotunen Hyme som for denne ferda var hyra som rorskar. Tor slengde ut snøret med eit oksehovud som agn, og Midgardsormen beit på kroken. Da Tor og Midgardsormen stirra kvarandre rakt inn i kvitauget, møttest gudekrafta ovanfrå med jotunkrafta nedanfrå. Kosmos skalv i grunnvollane. Denne scenen er gjord udøyeleg av skaldar og steinhoggarar i Norden for over tusen år sidan.

Lynsnart greip Hyme ausekaret og kappa over fiskesnøret. Ormen sokk i havet, mens Tor rasande vassa i land med båten under armen. Den gongen var det jotunen som berga verda, mens guden nær på hadde skipla verdsordenen. Muskelkraft utan klokskap kan vere farleg. Det er frigjerande at den råbarka vikingtida lo av trumpe-Tor, jamvel om han var ein gud.

Vendepunktet

Den største tragedien i gudeverda er drapet på Balder, gudesonen som berre er god. Lagnaden gjorde at han blei drepen ved ei ulykke av sin eigen bror Hod, som også var son av Odin. Dette er myten om det norrøne brodermordet som blei vendepunktet i historia.

Det mest kjende brodermordet i Vestens historie handlar om Kain og Abel. I den bibelske myten er det sjalusi som får Kain til å drepe Abel: Gud ville heller ha jorddyrkaren Abels offer, mens nomaden Kain blei oversett. Forteljinga om brodermordet høyrer til den bibelske skapingsmytologien og viser at brodermordet er den største tragedien i slekta, den største skamma i kulturen. Den norrøne volva veit at drapet på Balder dreier seg om hendinga av kosmisk omfang; ho veit at eitt av teikna på at Ragnarok nærmar seg, er når ”bror gir bror sin banesår”.

Marianne-krogh-som-Frigg-i-Edda

Frigg er kona til Odin.

Tragedien som skjedde på æsene sin tingplass i Åsgard, starta som ein uskyldig leik. Balder hadde vore plaga av vonde draumar, og Odin vekte opp ei død volve for å spørje kva draumane kunne varsle. Svaret var urovekkjande. Da vandra Frigg over heile jorda og fekk alt levande til å sverje eid på at dei ikkje skulle skade Balder. Berre den vesle mistelteinen slapp unna. No trudde gudane i Åsgard at dei kunne more seg med å prøve alle slags våpen på Balder, som jo var blitt usårleg.

Loke, Hod og mistelteinen

Ein av dei unge gudane står aleine i utkanten og lyder på leiken og latteren, det er Hod, han er blind. Ein skapnad nærmar seg og gir Hod ein misteltein. Han viser Hod korleis han kan vere med på leiken. Det er Loke som er på ferde.

Eivin-Nilsen-Salthe-som-Loke-med-krykker-i-Edda

Loke.

Loke er av jotunætt, han har fått innpass i Åsgård fordi han i urtida blanda blod med Odin. Dei to blei fosterbrør og med det bundne av livslang lojalitet til kvarandre. Loke er intelligent, vakker og listig, men han er utan moralske skruplar. Han har fått vite at Frigg oversåg mistelteinen da ho samla støttespelarar til Balder.

Hod slynger mistelteinen i retning av Balder. Da skjer det fatale at planta forvandlar seg til ei pil i lufta, og Balder fell livlaus til bakken. Leiken er brått snudd til tragedie. Døden er kommen inn i gudeverda, og i følgje med den kom sviket, brodermordet, sonetapet, morssorga. Livet kan aldri bli det same som før. Odin og Frigg er blitt sørgjande foreldre.

Wilsons blikk – volva, Odin, Loke og Frigg

Wilson forenklar Balder-myten og konsentrerer den rundt fire karakterar: Loke, volva, Odin og Frigg. Hovudpersonane Balder og Hod er ikkje til stades.

Ei blodraud hand kjem til syne, en stokk blir løfta mot månen, eit skot varslar drap. Framme på scenen står to kvinneskapnader, volva og Frigg.

Ty-Volva-og-den-falske-Volva

Ty, Volva og Den falske volva.

Volva er spåkvinna som overgår Odin i kunnskap. Ho er tidlaus, klokare enn alle gudane, ho har levd gjennom mange tidsaldrar, sett verder komme og forgå. Ho høyrer til ein annan dimensjon og rører seg langsamt mens ho mumlar ord frå Edda: spådomane om Balder. Ho ber ein stor stav som teikn på spådomsevna ho har. Den norrøne volva er ein variant av den antikke sibylla som ein mektig mytisk kvinneskapnad som blei konsultert for å spå framtida for verdsrike og herskarar. Sibylla har også profetert Jesu komme.

Så trer Loke fram med sakte rørsler, med stokk. Ein aldrande, tjukkfallen skapnad i grå dress stig også inn på scenen: Odin, som no ikkje berre er blind på eitt auge, men på begge. Odin har teke opp i seg Hod-skapnaden. Han ler uhyggeleg – er det leiken han er med på, har han enno ikkje skjønt kva som går føre seg? Er han i ferd med å miste grepet på verda? Frigg står som fastfrosen på sidelinja.

Alle-gudane-i-Edda

Odin og dei andre æsene.

Brått glefsar Odin over volvestaven, som knekk med ein smell. Så er forvandlinga der! Ei pil har gjennombora Odin.

No snakkar Frigg, høglydt tiltalar ho Loke – tre gonger slynger ho ut: ”Det var Loke som drap Balder.” Tre gonger nektar Loke for at det var han. Den suggestive ordvekslinga gir assosiasjonen til Peters trefaldige fornekting av herren sin.

Kven har ansvar for brodermordet? Den bibelske Kain blei jo sjølv svikta av Gud som oversåg han og urettferdig favoriserte Abel. Der den bibelske myten forklarar brodermordet med sjalusi, tumlar den norrøne myten med ei meir kompleks årsaksforklaring, det norrøne svaret er sjeldan i kvitt-svart.

Odin-og-Fenris-i-Edda

Odin og Fenrisulven.

Vikingtida skilde mellom ein rådbane og ein handbane. Hod som kasta drapsvåpenet, var handbanen i drapet. Men bak ugjerninga sto Loke som var rådgjevar. Så var dette ikkje ei ulykke, men eit planlagt drap. Kven skal bere ansvar og skyld – Hod eller Loke? Kven hadde gitt Loke innpass i Åsgard? Kven er tapar, kven er vinnar? Ei udåd som dette krev hemn, den gong som no må balansen gjenopprettast, men korleis skal det skje?

Mens volva ser at Ragnarok nærmar seg, sørgjer Frigg over lagnaden. Vi ventar med stor spenning på Wilsons grep på dei siste aktene i verdsdramaet.

Odin-og-Volva-i-baaten-i-Edda

Volva og Odin.

Vi treng mytane

Møtet med Edda i frisk tapping stadfestar at mytane er reiskapar til å takle problema i livet. Når Wilsons regi riv stoffet ut frå den historiske konteksten av vikingtid og mellomalder, blir møtet med dei eksistensielle og arketypiske temaa i mytologien enda sterkare.

 

 

Gro Steinsland er professor emerita i religionshistorie ved Universitetet i Oslo.