Tilbake til Faens nisse!

Tilbake til Skål for dommedag!

Tilbake til Kan nokon gripe inn

«Mot kaos skal eg sloss, for å få eit lite pust tå kosmos»

Songstrofa til Stein Torleif Bjella har han framført frå Hovudscenen gjennom heile våren og Joachim Rafaelsen (42) kjenner seg att i Stein Torleifs tema. At han skulle satse på noko kreativt har han visst sidan barnsbein.

TEKST Ida Michaelsen FOTO Siren Høyland Sæter

– Eg glimtar til! Joachim Rafaelsen gliser og blikket er lurt. Han har akkurat oppsummert karrieren, og innrømt at yrkesvalet så langt har innfridd forventningane. Litt kaos har det vore, men kaos har og sine sider, meiner Joachim. I det kaotiske ligg kjelda til det organiske, det udefinerbare, det levande og nyskapande. Vi treng ikkje slost så mykje heller, for vi er alle «små pust tå kosmos».

Eg trives godt med litt kaos seier han, berre det ikkje blir for mykje og for destruktivt og om det var ein eigenskap han gjerne skulle hatt, så er det betre ordenssans.

Trass i karakteristikken som rotehue og distré, er det skikk på oppgåvene han har fått dei seinare åra.

– Eg diggar jobben min, slår han fast. I haust skal skodespelaren veksle mellom dommedag og julefeiring på scenen. Berre avbrote av nokre Edda-framsyningar utanfor landegrensene. I Ghelderodes Skål for dommedag!  er han del av festen som utspelar seg før verda er spådd å gå under, i regi av Stein Winge. Seinare skal han spele Jesus i Gunnar Germundsons harselas over kommersialiseringa av jula og bortfallet av den kristne bodskapen i høgtida. Men det er ikkje berre i haust at tempoet er høgt. Gradvis har han arbeidd seg inn i bevisstheita til publikum, både på skjerm og på scenen.

Med sin litt rufsete stil og hengslete framtoning er han ikkje blant dei som figurerer i vekepressa eller på den raude løparen. Kjendiseri har han aldri trakta etter, men sjølv om han kanskje ikkje blir attkjend på gata, er det mange som har lagt merke til den hardtarbeidande skodespelaren. Berre på Det Norske Teatret har han dei seinare åra stått på Hovudscenen i storsatsingar som Bibelen, Woyzeck, Andre verdskrigen, og Kan nokon gripe inn og på Scene 2 mellom anna i Røvarane, Fulle folk og Fridomens vegar. I Robert Wilsons kritikarroste Edda, som hadde urpremiere i vår, spelte han krigsguden Ty, med eine armen bunden på ryggen. Kostymet leika med oppfatninga av rockestjernene som vår tids nye gudar, og Joachim var kledd opp i noko som likna ei kryssing av 70-talsversjonen av David Bowie og eit reptil. Da han steig framfor sceneteppet, openberra likskapen til rockestjerna seg i meir enn antrekket. For eit lydhøyrt publikum kom det musikalske talentet til sin rett i Coco Rosies låt A thousand lessons, komponert for Joachim Rafaelsens versjon av krigsguden Ty. Denne karakteren stod i djup kontrast til rolla hans i Valkyrien, som samstundes rulla over tv-skjermen på NRK. Her spelte han ein politimann som hadde vikla seg litt langt inn dei kriminelle miljøa han arbeidde mot.

– Det er fantastisk å få lov å leike på jobb, gå inn i ulike fiktive univers som er gyldige der og da. Fascinasjonen for den menneskelege fantasien har vore drivkrafta for å halde på med dette, og teater er det mest sosiale eg held på med, seier Joachim Rafaelsen. Han trivst best aleine, med gitaren, målesakene eller kameraet. Medisinen mot å bli ein einstøing ligg i kjærleiken til skodespelarkunsten, som kombinerer dei fleste av lidenskapane hans. Når han burar seg inne i leilegheita i Drøbak, kan han forsvinne heilt inn i si eiga verd og miste grep om tida. Han brukar ofte andre kunstuttrykk i arbeidet med roller, anten ved å måle fram bilde eller ved å komponere musikk.

– Det er noko meditativt over å halde på med slike soloaktivitetar. Eg er oppteken av lytting og prosess. I teatret elskar eg å jobbe med folk eg får kontakt med på scenen. Eg er ein dialog-junkie.

Kontrastane mellom privatsfæren og yrkeslivet er stort, men det er i spennet mellom det eigenrådige og det kollektive Joachim arbeider best.  Han er overtydd om at hjernen hans funkar annleis enn hos mange andre.

– På barneskolen blei eg karakterisert som eit problembarn. Eg skilde meg ut, hadde eit heftig temperament og var verbalt kjapp. Eg var opprørsk, blei ofte utpeika som syndebukk, men eg var ikkje ute etter bråk.

Det blei kviskra om diagnose, og eg har lurt på om ikkje ADHD hadde vore bokstavane eg ville ha blitt tildelt. Eg var lett å distrahere, eller så gjekk eg inn i hyperfokus. Det kunne vere slitsamt både for meg og for omgjevnadene mine. Men på den andre sida opplever eg det som ei gåve; eg har eit kreativt behov som ikkje så lett lar seg temme. Etter å ha teikna ned veggane på den kvite skolen vår, måtte eg og ein ven som straff måle heile skolen i sommarferien. Så begynte vi på ungdomsskolen og fekk ny formingslærar. Ho ga oss ein heil vegg til å dekorere, nokre tusenlappar og beskjed om å kjøpe sprayboksar og bøker om gatekunst. God lærar.

Eit stort vendepunkt, og kanskje det som skulle prege yrkesvalet mest, var kameratskapen som følgde etter eit veddemål på ungdomsskolen.
– Frode Winther (skodespelar ved Det Norske Teatret)  hadde på seg ein vest med Guns N´ Roses-logoen. Eg var overtydd om at skrivemåten var feil, ler han. Men sjølv om han gikk på eit sviande tap, vann han ein kompis som var like autoritetssky, skolelei og full av draumar som seg sjølv. Saman bestemte dei seg for å erobre verda med femtenåringanes grenselause sjølvtillit.

– Sjølv om vi på mange måtar er ulike, så deler vi same humor, musikksmak og syn på tilveret. Vi har inspirert kvarandre heile vegen og har utdanna oss parallelt. Først på folkehøgskole, sidan på Teaterakademiet før eg kom inn på Teaterhøgskolen og han drog til England. Men det var først no i Edda at vi delte scene – ein stor augeblink for to kompisar som la ein slagplan i ei plankehytte i skauen over ei flaske sprit og med framtida føre seg ein gong for snart tretti år sidan. Vi måtte klype oss litt i armen og ta eit bilde for å forevige augneblinken.

No er dei begge tilsette ved teatret, har små barn og lever meir føreseielege liv. Sjølv har Joachim merka at eit kunstnarliv som hans eige må ha visse rutinar. Dette har mellom anna resultert i om ikkje daglege, så i alle fall hyppige besøk på treningsrommet. Så ofte det lar seg gjere, stikk han innom og får sin dose trening.
– Det gir overskot og betre form, og – ikkje minst – eit heilt makelaust godt samvit! Kroppshaldninga blir betre, og innstillinga til å leve sunnare aukar. Sigarettane kutta han for fem år sidan og dei seine kveldane er det færre av. Dei sterke flaskene får også stå urørte.

– Eg har vore på nokre mørke stader og eg har deala med skumle og tunge ting i meg sjølv, men eg set pris på staden der eg er no. Det er så mange som jagar etter noko anna heile tida, som ikkje klarar å sjå verdien i her og no.

Det er klart eg kan bli skuffa over roller eg ikkje får, men det orkar eg ikkje dvele ved. Eg set pris på skjønnheita og det gode i livet. Eg har ein dritkul son på 7 år og familie og vener som er heilt fantastiske! Eg har ambisjonar og eg har trua, seier Joachim. – Eg meiner at kunsten må utfordre, den må ha eit element av noko som ikkje lar seg analysere og som treffer noko emosjonelt i oss menneske. Ein dag håpar eg å sitte ved roret på eit eige kreativt prosjekt. Eg kan framleis kjenne på nervøsitet og må arbeide med meg sjølv for å våge å vere god, å sleppe garden. Men å sjå på verda med ein kunstnars blikk, ei verd der alt er fargar, lys, linjer og skuggar, er eit privilegium. Herre gud, det er mykje drit her i verda, men det er faen meg mykje fint òg, seier Joachim Rafaelsen.