Tilbake til Songfuglen

Mørkt, brutalt og vakkert

– Dette er ei vanvittig frårøving av identitet, seier Frank Kjosås. Han spelar hovudrolla som Jakoba i Songfuglen, ei rolle regissør Peer Perez Øian meiner han er som skapt for.

TEKST Åsne Dahl Torp FOTO Siren Høyland Sæter

FRANK KJOSÅS ER AKTUELL SOM JAKOBA OG RENATE REINSVE ER AKTUELL SOM TIKVA I SONGFUGLEN.

Tematikken i Jan Roar Leikvolls roman engasjerer openbert skodespelaren. Han trommar fingrane rytmisk i kantinebordet. Ser ettertenksam bort på kollegaen sin på motsett side.
– Stykket tar opp mørke tema på eit underfundig vis, seier Renate Reinsve. Ho skal spele rolla som Tikva, jenta Jakoba forelskar seg i. Men Songfuglen er ingen romantisk komedie. Tvert imot eit nokså dystert landskap å gå inn i. Leikvoll har dikta opp eit kvinnesamfunn der menn for lengst er utstøytte.
– Det har vore ein konflikt eller ein revolusjon i fortida. Men vi får aldri vite kva, fortel Renate. Dei mennene vi får høyre om, er anten villmenn som lever i skogen og jamleg kjem på raid i byen, eller prostituerte avlsmaskinar på bordellet. Kva som hender med gutebarna som blir fødde, er det ingen som snakkar om. Men Jakoba er ein av dei. Ein gut som har vakse opp som jente, med skjult identitet. No er han på veg inn i puberteten, og kva kjønn han er byrjar å bli vanskeleg å skjule. Skoa er for tronge, kjolen òg. Hår kjem til syne i andletet. Stemma endrar seg.

Kjønn er ikkje viktig

Leikvolls dystopiske univers representerer likevel ikkje eit innlegg i debatten om «kva som hender når likestillinga er gått for langt». Kjønnsperspektivet er eit verkemiddel for å setje ting på spissen – eit bilde på noko meir. Men kva?

– Stykket viser kva som hender når mennesket blir utsett for tvang og press for å vere noko ein ikkje er, meiner Frank.
– Ein kan sjå det som eit erkematriarkat som er litt høgt på seg sjølv. Det ligg også ei enorm einsemd i det. Jakoba er ein skjør gut og kjenner seg heilt åleine. Han kjenner seg kvelt og opplever verda som uforståeleg, falsk og forvirrande.

Sjølv «fann» Frank seg sjølv på ein liten hybel på Romerike Folkehøgskole etter å ha vakse opp som ein slags songfugl i Hardanger. Han tenkjer med gru på alle som ikkje tør å finne sin eigen identitet, som aldri «passar inn» i livet dei lever.

– Ein kan også sjå motivet som bilde på korleis samfunn oppstår og går til grunne på nytt og på nytt. Alle samfunn utviklar normer og reglar for korleis ein skal te seg. Dei som ikkje passar inn gjer til slutt opprør.

Kroppsleg utfordring

For Frank representerer rolla ei heilt ny og stor utfordring. For korleis går ei jente på tretten år? Eller rettare – ein tretten år gammal gut som er oppseda til å vere jente? Stemmeleiet er lysare og mildare enn vanleg. Men aller størst er den songlege utfordringa. Dette er eit teaterstykke med mykje musikk. Sandra Kolstad har komponert songar, korparti og stemningsmusikk som tilfører noko vakkert til dei brutale omgjevnadene. For songen har ein viktig funksjon i dette samfunnet, og Jakoba er ein gudgjeven songar.
– Eg er eigentleg ein lys tenor. Sist eg song var i Sweeney Todd. Da song eg baryton. Men no skal eg syngje gutesopran. Eller kontratenor, som er det næraste ein kjem som mann. Eg må bruke hovudklang og falsett, som det heiter på fagspråket. Det er ein heilt ny måte for meg å bruke stemma på. Eg kan ikkje spele i noka framsyning dagen før. Stemma må kvile. Det er ekstremt teknisk utfordrande.

Dødsdømd kjærleik

Songen er Jakobas redning i samfunnet. Som kastratsongar kan han leve vidare – men det har ein stor pris. Han må gjennomføre eit velkjent fysisk inngrep som gjer han til evnukk. Dermed mistar han heile identiteten sin og kva han er og kunne ha blitt. Retten til kjærleik. Jakoba har vunne ein stor songkonkurranse og har fått plass på songskolen til den aller mest verdsette songlærarinna; Malinovskaja. Hos henne møter han Tikva, som Renate skal spele: – Det er ekstremt mykje på spel. Alt kan løyse seg. Men så kjem eg, tenestejenta til Malinovskaja. Tikva er 16-17 år og kjenner seg, som Jakoba, fanga i dette samfunnet. Ho kan ikkje leve livet utan å kjenne nærleik til ein mann, noko ho aldri kan få på ordentleg. Samfunnet avgrenser seksualiteten og kjenslelivet hennar.

– Møtet med Tikva rystar Jakoba i sjela. Ho vekkjer mannen og kjenslene i han. Ho ser han og elskar han for den han er. Ho er ærleg og seier sanninga. Dei møtest i einsemda dei begge kjenner, og møtet deira blir ei flukt frå samfunnet. Jakoba mistar fullstendig fatninga, seier Frank.

Tikva og Jakoba innleier eit forhold, men det er farleg og nokså sikkert dømd til å ikkje få ein lykkeleg utgang.

– Ein tek eit val kvar dag om å bli i det samfunnet vi er ein del av, sjølv om det er eit passivt val. Jakoba risikerer livet anten han vel å bli der han er eller om han vel å bryte, meiner Renate.

Fri som fuglen?

Songfuglen er eit bilde på mennesket i samfunnet. Malinovskaja seier at songfuglane som lever i bur er lykkelege, fordi dei ikkje kjenner til verda utanfor. Dei er trygge, dei har ingen ytre fiendar. I boka har Jakoba også ein songfugl som er fri, men som ikkje rømmer.
– Alle menneske må finne sin måte å passe inn i samfunnet på. Kunsten er å halde på sin eigen identitet samtidig, seier Renate. Ho ser på Frank.

Bør ein tilpasse seg samfunnet, eller bryte?

– Ein må tilpasse seg, svarar dei, nærast i kor.
– Tilknyting, det å høyre til, er det viktigaste. Ein har ikkje noko val. Ein må alltid tilpasse seg naturen.