Tilbake til Halve kongeriket

Bildet av Mette-Marit Tjessem Høiby og kronprins Haakon Magnus som er nygifte og kyssar på trappa til Oslo Domkirke har blitt ikonisk. Foto: Espen Sjølingstad Hoen / VG / NTB scanpix.

Kongelege ekteskap: What´s love got to do with it?

Bildet av Mette-Marit Tjessem Høiby og kronprins Haakon Magnus som er nygifte og kyssar på trappa til Oslo Domkirke har blitt ikonisk. Foto: Espen Sjølingstad Hoen / VG / NTB Scanpix.

Kor mykje politikk er det eigentleg i kongeleg romantikk?

I 1887 blei kong Haralds morfar og grandonkel, dei norsksvenske prinsane Carl og Eugen, sende på blomsterutstilling. Carl skreiv i memoarane sine at “alla visste vad denna blomsterutställning innebar […] och som man ju där måste vara blind för att icke fatta varför jag kommit dit, är det ej svårt att inse, hur ytterst pinsamt detta mitt besök vid ‘die Blumenausstellung’ i Frankfurt var för både parterna, icke minst för de stackars ‘blommarna’ själva”.

“Blomsterutstillinga” var det årlege kongelege slektstreffet på slottet Rumpenheim; “blomane” var dei prinsessene det var meininga at Carl og Eugen skulle finne ei kone blant. “Tänk vad man skall bli naturlig trevlig under dylika villkor!! Är detta enda sättet att åstadkomma kungliga giftermål, så är det också verkligen dödsdomen över all kunglighet”, skreiv Eugen, som karakteriserte det som “omoraliskt o. vidrigt o. onaturligt”.
Året etter braut Carls og Eugens eldre bror, Oscar, alle normer då han gifte seg med den tidlegare hoffdama til svigerinna. Prisen for å inngå ekteskap med ei ikkjekongeleg var arveretten til trona i Noreg og Sverige.

Halve kongeriket handlar om kva som ville ha skjedd dersom kronprins Haakon hadde gifta seg med nokon heilt andre enn Mette-Marit. Foto: Marcel Leliënhof. Halve kongeriket handlar om kva som ville ha skjedd dersom kronprins Haakon hadde gifta seg med nokon heilt andre enn Mette-Marit. Foto: Marcel Leliënhof.

Halve kongeriket handlar om kva som ville ha skjedd dersom kronprins Haakon hadde gifta seg med nokon heilt andre enn Mette-Marit. Foto: Marcel Leliënhof.

Carls første tanke var at barrierane no var brotne, og at det var fritt fram for han å gjere det same. Men den eldste broren, kronprins Gustaf, slo fast at “det får ej repeteras”, og ved nærmare ettertanke kom Carl til at det heller var motsett – presset på han som den neste i tronfølgja var tvert imot blitt større. “Nog skulle jag helst vilja lösslita mig från detta tvång och utan inskränkning välja mig en fru efter eget tycke, men detta vore att se saken ensidigt, och allra helst i en så viktig fråga som denna får man icke göra sig skyldig till ett sådant fel”, skreiv han.

Da Carl var blitt 36 år utan at bryllaupsklokkene hadde kima, tok kong Oscar II kontakt med kongen av Danmark og avtala ekteskap mellom prins Carl og den 18 år gamle dotter til kusina hans, prinsesse Ingeborg. Dessverre kom den gamle danske kongen i skade for å annonsere forlovinga ein dag tidlegare enn planlagt, så då nyhendet vart kunngjort, hadde enno ingen rukke å fortelje Ingeborg at ho skulle gifte seg.

“Jag gifte mig med en fullkomlig främling!”, sa ho seinare. Til eitt av barnebarna, prinsesse Ragnhild, sa ho at ho var blitt “deportert frå Danmark til Sverige”. Slik gjekk kongelege forlovingar altså til i kronprins Haakons oldeforeldres tid.

Kjærleik hadde lite med kongelege ekteskap å gjere. Rett nok fanst det unntak, som kong Henry VIII av England, som braut med paven for å kunne skilje seg frå den spanske kona si og gifte seg med Anne Boleyn (som han seinare hogg hovudet av).

Generelt var det ikkje ønskeleg at kongar gifte seg med undersåttar ettersom svigerfamilien då kunne gjere krav på makt og privilegium.

Prins Carl Philip og Sofia Hellqvist er førebels siste par ut i dei europeiske kongehusa. Bryllaupet stod 13. juni 2015. Foto: Andreas Rentz.

Prins Carl Philip og Sofia Hellqvist er førebels siste par ut i dei europeiske kongehusa. Bryllaupet stod 13. juni 2015. Foto: Andreas Rentz.

Kongelege ekteskap var først og fremst til for å styrke sambandet mellom statar og kongehus. Slik hadde det vore lenge. For eksempel vart son til kong Henry II av England i 1160 gift bort til dotter av kong Louis VII av Frankrike. Han var fem år gammal, ho to, men pave Alexander III gav tillating fordi han trong støtte frå dei to kongane i kampen mot ein rivaliserande pave som hadde støtte frå den tysk-romerske keisaren.

I 1646 ville kong Felipe IV av Spania knyte saman dei spanske og austerrikske greinene av huset Habsburg gjennom eit ekteskap mellom sonen sin og kusina hans. Då sonen døydde før bryllaupet, gifte Felipe seg sjølv med niesa.

I nokre slekter var ekteskap med onklar og søskenbarn meir regel enn unntak, og dei spanske habsburgarane døydde til slutt ut på grunn av innavl.

I nokre tilfelle handla det også om å bygge opp under dynasti der blodet gjerne kunne vore blåare. Det siste gjaldt særleg for Bernadottane, som stamma frå ein fransk revolusjonsgeneral, og som kompenserte ved å ha ei av de strengaste ekteskapslovgivingane i Europa. Men det er lenge sidan Prins Carls og prinsesse Ingeborgs son, kong Haralds “onkel Mulle”, mista i 1937 tittel og arverett fordi han gifte seg med noko så upassande som ei grevinne. I 2015 gifte svenskekongens einaste son seg med ein tidlegare glamourmodell og Paradise Hotel-deltakar, som på bryllaupsdagen vart opphøgd til prinsesse av Sverige og hertuginne av Värmland.

Det var første verdskrigen som knuste illusjonen om kongelege ekteskap som fredsgarantiar. Den britiske kongen var fetter av den tyske keisaren, som var tremenning av den russiske tsaren, som igjen var den britiske kongens fetter, utan at det hindra krigen. Eigentleg burde illusjonen vore gjennomskoda lenge før, for gjennom hundreår hadde monarken ført krig mot sine eigne fetrar, svigersøner og besteforeldre.
Første verdskrigen innskrenka den kongelege ekteskapsmarknaden både ved at han tok knekken på ei rekke fyrstehus, men også ved at han dreiv ein kile mellom dei mange tyske fyrstehusa og resten av Europa.

Etter andre verdskrigen vart talet på monarki redusert endå meir og tyske fyrstehus endå meir umoglege. Rumpenheim var blitt bomba i 1943 og vart liggjande som ruin. Stadig fleire prinsar og prinsesser fann ektemakane utanfor kongelege krinsar, men då kronprins Harald ville gifte seg med Sonja Haraldsen, var det framleis så risikabelt at dei laut vente i ni år før kong Olav våga å gi tillating. Trua på at frøken Haraldsen ville bety slutten for monarkiet, var utbreidd.

 

Det tok ni år før det blei klart at dåverande kronprins Harald fekk gifte seg med Sonja Haraldsen. Kong Olav godtok etter lang tenketid eit borgarleg gifte. Trulovinga utløyste ein debatt om monarkiets framtid i Noreg. Foto: NTB Scanpix.

Det tok ni år før det blei klart at dåverande kronprins Harald fekk gifte seg med Sonja Haraldsen. Kong Olav godtok etter
lang tenketid eit borgarleg gifte. Trulovinga utløyste ein debatt om monarkiets framtid i Noreg. Foto: NTB Scanpix.

Som kjent gjekk det slett ikkje verst for frøken Haraldsen og monarkiet, men likevel vart dei same argumenta henta fram att då bryllaupsklokkene ringde for kronprins Haakon ein generasjon seinare. Denne gongen var det Mette-Marit Tjessem Høiby som skulle føre monarkiet utfor stupet. Fjorten år seinare var det så gløymt at ein ung journalist ringde og spurde om eg som historikar visste om det i si tid var kontroversielt at kronprinsen gifte seg med ei aleinemor.

Rumpenheim vart gjenreist året etter kronprinsbryllaupet, men det finst ingen planar om å ta opp att blomeutstillingane. Quart-festivalen gjorde same nytten.

TEKST: Trond Norén Isaksen, historikar og kongehusekspert.