Tilbake til Halve kongeriket

Kjetil B. Alstadheim: Det kongelege realityshowet

I NRKs realityserie «Anno» lever deltakarane som folk gjorde på 1700-talet. Dei prøver seg som sveinar og meisterar, blæs glas og snikrar, konkurrerer, turnerer og tar laugsprøver. I den verkelege verkelegheita er Kongehuset vår lengste realityserie.

TEKST Kjetil B. Alstadheim, politisk redaktør i Dagens Næringsliv. FOTO Dag Jenssen.

Også der forsøker deltakarane å leve som nokre gjorde på 1700-talet – den gongen Danmark–Noreg blei styrt som einevelde. Mykje er endra sidan den gong. Men for deltakarane i Kongehuset er den viktigaste oppgåva å halde liv i ideen om at somme faktisk bør arve posisjonen som statsoverhovud. At somme frå fødselen av er spesielt kvalifisert – faktisk betre kvalifisert enn absolutt alle andre – til å fylle den rolla.

I utgangspunktet lyder det som ei nærmast umogleg oppgåve. Berre tenk om Noreg ikkje var eit monarki. Dersom nokon da foreslo at den øvste posisjonen i statsstyret burde overlatast til ein bestemt familie. At denne familien skulle få flytte inn i Slottet og leve på ein raus apanasje frå Stortinget. Det skulle ikkje vere val kvart fjerde eller femte år. Heller ikkje ved generasjonsskifte.

Retten til trona skulle sikrast ved ein fødselsattest. Valet av landets fremste skulle heretter overlatast til denne familiens genar og framtidige giftarmål.

Somme ville kanskje spørje kor ein skulle hente ein slik særs evnerik familie frå. Det ville vere lett å svare på. Det finst overtalige prinsesser og prinsar både her og der. I Sverige finst prinsesse Madeleine og prins Carl Philip. I Danmark er prins Joachim ledig. I Storbritannia er prins Henry til overs. Det sit mange kandidatar på den rojale reservebenken.

Det er ikkje sikkert det ville bli sett på som ein god idé. Ein sprø idé. Men ikkje god. I 1905 syntest statsminister Christian Michelsen frå Venstre at det var den einaste rette.

1905 var det året der Noreg var nærmast å bli Republikken Noreg, ikkje Kongeriket Noreg. Det ville vore eit naturleg framhald av ein prosess som starta på Eidsvoll med grunnlovsforsamlinga i 1814. Grunnloven definerte Noreg som eige land. Og den var starten på innføring av folkestyret. Noreg gjekk frå eineveldet der kongen legitimerte makta si hos Gud til folkestyret der Stortinget legitimerer makta si hos folket.

I åra etter 1814 blei folkestyret gradvis utvida. Fleire fekk røysterett. Lokaldemokratiet blei innført. Og det var ein stadig kamp for å flytte makt frå kongen og hans regjering til Stortinget. Den store sigeren kom i 1884 med innføring av parlamentarismen.

20150826-dnt-halvekongeriket-0187Ei regjering kunne ikkje lenger sitje berre fordi ho hadde kongens tillit.

Ein statsminister og statsrådane måtte ha Stortingets tillit og måtte stå til ansvar overfor folkets valde representantar.

I løpet av eit kort hundreår var kongerolla ribba for makt og innhald. Så da Stortinget i 1905 oppløyste unionen med Sverige og sa opp den svenske kong Oscar II, ville overgang til republikk vore eit naturleg neste steg i utviklinga av folkestyre. Slik gjekk det ikkje.

Statsminister Michelsen var republikanar sjølv. Men realpolitikarens i han let prinsippa fare.

I Europa var det urolige tider, radikale straumdrag og bekymring ikkje minst i mange kongehus. For Michelsen var det viktigare å sikre internasjonal anerkjenning av det nye sjølvstendet i Noreg enn å skaffe landet ei ny statsform.

For Norge låg ei mogleg tryggingspolitisk løysing berre ein båttur unna. I København var det nemleg ein prins og ei prinsesse til overs – prins Carl og prinsesse Maud. Maud var dotter av Edvard VII, som var konge av Storbritannia. Signalet frå London var tydeleg: Dersom Noreg gjorde Carl og Maud til konge og dronning, ville britane forsvare Noregs nye sjølvstende. På hemmeleg møte i Stortinget blei det tala om «svigerfader England».

Norge heldt fram som monarki ikkje fordi landet trong ein konge. Men fordi landet trong ein svigerfar.

Ein sentral del av forteljinga om det norske kongehuset er at det er folkevalt. Det blir vist til at eit overveldande flestalle – faktisk heile 78,9 prosent – røysta ja til monarki i folkeavrøystinga i 1905.

20150826-dnt-halvekongeriket-2130Det er ei sanning med modifikasjonar. Formelt sett var det ikkje en folkeavrøysting der monarki og republikk ble satt opp mot hverandre. Folk blei bedne om å svare ja eller nei på om dei var «enig i Stortingets bemyndigelse til regjeringen om at opfordre prins Carl af Danmark til at lade sig vælge til Norges konge». Svara dei nei, truga Michelsen med å gå av.

Valet var altså prins Carl eller kaos.

Og det etter månader med krigsfare og utryggleik. Det er mogleg at ideen arveleg makt begeistra eit så stort fleirtal. Men det er ganske sannsynleg at ønsket om å unngå meir uro og om å skape tryggleik for det nye sjølvstendet, vog tungt.

Likevel blir folkeavrøystinga i 1905 brukt for å gi det norske monarkiet ein spesiell demokratisk innpakning. Det at eit fleirtal i 1905 røysta for å gjere prins Carl til kong Haakon VII av Noreg, blir brukt for å legitimere at hans barnebarn Harald er konge no, at hans oldebarn Haakon skal bli konge når den dagen kjem og at tippoldebarnet Ingrid Alexandra skal bli dronning. Mens ein kommunestyrerepresentant ikkje har demokratisk mandat for meir enn fire år av gongen, er dei norske kongelege folkevalde i generasjonar.

Ingrid Alexandra er folkevald i femte ledd på grunn av ei folkeavrøysting for 110 år sidan der berre menn kunne delta. Tilhengarane av monarkiet meiner dagens kongehus kan forsvarast med et demokratiske mandat frå døde menn.

Det hadde ikkje gått utan at populariteten var der. Ein annan del av forsvaret for det norske kongehuset er at det kike berre er folkevalt, men også folkeleg. Og her ligg eitt av dei mange paradoksa ved kongehuset: Monarkiet som idé byggjer på at dei kongelege er heva over alle andre og dermed spesielt eigna til å styre. Men populariteten til den norske kongefamilien bygger på at folk liker å tenke at dei er nesten som alle andre.

Bevis på folkelegheit? Kong Olav tok trikken i 1973. Kong Harald brukte boblejakke på Sunnmøre etter orkanen i 1992. Kronprins Haakon fann Mette-Marit på musikkfestival.

Forholdet mellom kronprinsen og ei aleinemor som hadde drive utagerande festing, opprørte dei sterkaste tilhengarane av kongefamilien. Somme lurte på om heile institusjonen vakla. I staden klarte kronprins Haakon – og Mette-Marit – å forankre monarkiet i ein ny generasjon – spesielt taleføre delar av han. Folk som stod fjernt frå kongeleg glamour, som normalt ville le av ideen om arveleg makt og meine at det å gifte seg til posisjonar ikkje høyrer heime i eit likestilt samfunn, strøymde til for å forsvare både kjærleiken og aleinemora. I same slengen enda dei med å forsvare ein institusjon som høyrer til i ei før-demokratisk tid. Slik fekk kronprins Haakon store delar av sin eigen generasjon på laget.

Kongehuset står ikkje støtt fordi monarkiet som idé er så populær. Det er nærmast umogleg å finne nokon som prinsipielt meiner arv er den beste metoden for å velje kven som skal sitje i dei mest sentrale posisjonen i samfunnet. Kongehuset står støtt fordi kongefamilien er populær. Det er familiebedrifta, ikkje statsforma, som har oppslutnad.

20150826-dnt-halvekongeriket-2044Ein grunn er at kongefamilien har skikka seg rimeleg godt, at kong Haakon gjorde dei rette tinga under andre verdskrigen og at dei stort sett har vore likandes folk. Ein annan grunn er at alternativet er uklart for dei fleste. Oppslutnaden om kongehuset er så stor at dei få republikanarane som finst, knapt har orka å bruke tid på å finne ut korleis ein republikk kunne sjå ut. Så mens monarkistane er utan prinsipielle argument, står republikanarane utan et konkret alternativ.

Dermed står alternativet republikk fram som meir mystisk enn det strengt tatt er. Det grunnleggjande er nemleg ganske enkelt: Det er at statsoverhovudet blir plukka ut på same vis som andre viktige posisjonar blir fylte i demokratiet: gjennom val og demokratiske kanalar. Og på åremål. Verre er det ikkje.

Dei fleste meiner Noreg har eit styringssystem som fungerer ganske godt. Forholdet mellom Stortinget og regjeringa er tydeleg og avklart. Få ønskjer at ein folkevald president skal kludre det til.

Men ein president kan det vere kjekt å ha. Landet må ha eit statsoverhovud. Og det er fint å ha nokon som er litt heva over den daglege politiske rivaliseringa. Dei tre viktigaste oppgåvene for ein president vil vere om lag som dei tre viktigaste oppgåvene monarken har i dag: Representere landet utetter. Samle landet innetter både ved fest og i kriser. Og vere ein skanse i forsvaret for grunnloven i ein kritisk situasjon.

Det vanskelege er ikkje å lage ein republikk. Det vanskelege er å bli kvitt monarkiet.

Til vanleg skjer den slags på dramatisk vis gjennom revolusjonar og kupp eller etter krigar og uro. Ingen ønskjer det. Og når ingen ser seg tent med å gå inn for å fjerne ein så populær institusjon, får han vere i fred.

Dermed rullar den kongelege reality vidare, med dei kongelege som våre fremste kjendisar. Med forventningane frå fem millionar nordmenn og ei bunke tyske sladreblad blir nå ei prinsesse følgd frå fødsel, via barnehage og steg for steg gjennom skole, inn i tenåra og forelskingar, vidare inn i høgre utdanning og kjærastar. Ho er fødd inn i rolla som nasjonal maskot – og kongeleg barnestjerne.

Røyndommen har for lengst laupt frå monarkiet som styringsform og idé. Men som reality? Det ser ut til å bli nokre sesongar til av «Kongehuset».