Tilbake til 11 år

Julie Moe Sandø – aktuell som mora

Det har skjedd noko tragisk på skolen, og eg og faren skal på skolen for å snakke med læraren og rektoren.

Eg speler mor til ei jente på 11 år. Hendinga i skolegarden har blitt handsama katastrofalt av skolen. No treng mora at dei tek ansvar, seier at «dette var det som skjedde, og det var vår skuld». Kva gjer det med deg som mor å oppleve at ungen din ikkje har det bra, og at du ikkje kjenner henne så godt som du trudde?

Tematisk arbeider Goksøyr/Martens grundig med mykje dokumentarisk materiale. Dei har utvikla ei form der publikum sit i eit fugleperspektiv og ser ned på ein spelarena, og med høyretelefonar får dei lyden. I denne forma kan du bygge opp komplekse, parallelle handlingar, og som publikum får du ei kjensle av å vere veldig nært. Som skodespelar kan eg også spele på ein annan måte, nesten filmatisk. Eg ønskjer å gå like djupt inn i tematikken som dei gjer og vere like kompromisslaus som dei er i sitt arbeid. Og det er krevjande! Vi hadde eit forprosjekt der vi improviserte fram mykje, og eg kjende det sat hardt i magen. Eg drøymde om det om natta og tenkte på det heile tida.

Eg hugsar godt korleis eg var da eg sjølv var 11 år. Det var ei brytingstid, på veg inn i ungdomsåra. Eg begynte å bli meir sjølvbevisst, tenkje på korleis verda ser på og oppfattar meg. Eg skreiv lister i dagboka mi: «Ting eg må hugse», til dømes ei liste over ord eg ikkje måtte bruke. Framandord som eg innsåg var for vaksne, som fekk meg til å verke overlegen eller arrogant. Eg begynte i den alderen å tilpasse meg. Begynte å lage ein versjon av meg sjølv som eg trudde folk ville ha. Og det er ein pågåande prosess. Ein blir jo til i møte med andre.

 

Fortalt til Erlend Tårnesvik Dreiås Foto Siren Høyland Sæter