Tilbake til ≈[Tilnærma lik]

Tilbake til Eg ringer mine brør

Jonas-Hassen-Khemiri

Jonas Hassen Khemiri

Jonas Hassen Khemiri (f. 1978 i Stockholm) er mellom Skandinavias mest hylla og lesne unge forfattarar og dramatikarar.

Han debuterte med romanen Ett öga rött i 2003 (på norsk i 2005), ein dagboksroman ført i pennen av ein innvandrar på innvandrarsvensk. Romanen vekte stor merksemd, og blei både dramatisert og filmatisert. Bøkene hans har blitt omsette til femten språk og teaterstykka hans har blitt sett opp av over femti internasjonale teater og teaterkompani.

Khemiri har vunne fleire prisar og utmerkingar for arbeidet sitt, mellom anna Sveriges Radios Romanpris, Bellmanprisen og PO Enquists pris. Han har også blitt tildelt Sveriges fremste dramatikarpris, Henning Mankell-stipendet, Det svenska Ibsensällskapets Ibsenpris og fått The Village Voice Obie Award.

Hans sterke samfunnsengasjement har gjort han sentral i debattar om innvandrarar og integrering, mellom anna med kronikken som er utgangspunktet for denne teaterteksten, Jag ringer mina bröder, publisert i Dagens Nyheter etter bombingane i Stockholm i 2010. Han markerte seg også i debatten kring papirlause innvandrarar i 2013 da han i same avisa publiserte eit ope brev til den svenske justisministeren høve handsaminga av desse (Reva-debatten). Same året starta han ein skrivarverkstad for papirlause innvandrarar.

Våren 2016 kom Jonas Hassen Hassen Khemiri ut med romanen Allt jag inte minns på norsk. Boka har vunne den høgthengande August-prisen og hausta svært gode kritikkar i norsk presse, mellom anna terningkast 6 i VG.