Tilbake til EDDA

Gudar, jotnar og eit skravlete ekorn

- ein kort introduksjon til norrøn mytologi.

TEKST Carline Tromp TIL NYNORSK VED Arne Torp

Høyr meg no,
høge, låge, alle ætter,
Heimdalls søner.
Soger vil du,
Valfar, eg seier,
dei første eg minnest
frå fjerne tider.*

Slik opnar Edda-diktet Voluspå: ei forteljarrøyst, som viser seg å komme frå ei volve, ei som har evna til å sjå inn i fortid og framtid, og ho innleier ei forteljing om det første ho minnest frå fjerne tider. Det er også ein god start på ein tekst om den norrøne mytologien. Før ein gir seg i kast med Odin, Tor og Frøya, er det greitt å minnast at alt vi veit om dei og universet dei er en del av, er basert på minne og attforteljingar som går over tusen år attende i tida.

Yggdrasil

Verdstreet Yggdrasil var ei ask eller barlind som breidde greinene sine over heile verda. Treet var alltid grønt, og dogg draup ned på jorda frå det. Røtene gjekk ned til æsenes rike. Illustrasjon av Finnur Magnússon. Foto: Wikimedia Commons.

Det finst ikkje nokon «bibel» for den norrøne mytologien, som forklarer alt frå opphav til ende. Det vi har, er fragment av forteljingar frå ulike kjelder. Dei viktigaste er eddadikta (ei rad dikt om norrøne gudar og legendariske heltar) og Snorre Sturlasons Edda, men mytologiske referansar finst også i sagalitteraturen og skaldedikt. I tillegg finst det spor etter den gamle religionen i bilete og symbol, på runesteinar og gjenstandar, i stadnamn og i graver.

Snorre var ein lærd kristen forfattar, som ville setje den gamle gudelæra i system. Men framstillinga hans stemmer ikkje alltid overeins med dei andre kjeldene. Av og til er historiene sprikande, og somme ting blir aldri heilt klare for oss. Men kanskje det ikkje gjer så mykje? «Mytens hjul er ikke noe i seg selv, spilenes sang gjør hele jobben», skriv forfattaren Erling Kittelsen i boka Fredsslutning. Samtale med Edda, og slik er det. Lat oss sjå nærmare på nokre av spilene.

Æsene

Mange ulike vesen lever i det mytologiske universet. Æsene er den gruppa søkjelyset ofte er retta mot. Tor og Odin, Frigg og Heimdall er blant æsene. Dei lever i Åsgard, den høgste verda. Ei anna gudeætt er vanane, og ein gong låg dei to gruppene i ein krig som var så alvorleg at han berre kunne endast ved utveksling av gislar. Æsene fekk Njord og hans barn Frøy og Frøya, som blei buande i Åsgard. Vanane fekk Høne og den kloke Mime – eigentleg ein jotun, som var klokare enn nokon annan.

– Regissøren Robert Wilson sa ein gong at han berre kunne jobbe ut ifrå stille. Les intervju med Frode Winther, som skal spele Tor.

Jotnane

Av eit heilt anna slag er jotnane, som er knytte til sjølve jorda, til steinane og fjellet og havet. Det finst mange jotnar i mytane, og det er stadig bråk mellom dei og gudane. Det er likevel ikkje så enkelt som å seie at jotnane er «vonde» og gudane «gode». Eit kjenneteikn ved den norrøne mytologien er at figurane er tvitydige og tvilrådige – menneskelege, kan ein seie. Dessutan er alle dei ulike gruppene nødvendige for å halde verda oppe. Mytane fortel både om krigar, konfliktar, samarbeid og ekteskap mellom gudar og jotnar.

Ulike skapningar

Edda-dikta fortel også om dvergar og alvar. Det finst også mange andre skapningar som det er vanskeleg å kategorisere; t.d. nornene, tre kvinnelege figurar som vev lagnaden til alle andre, og valkyrjer, som Odin sender til slagmarkene for å avgjere kven som skal døy i krigen. Det er også en heil mengd dyr, frå det skravlete ekornet Ratatosk, som spring opp og ned på verdstreet Yggdrasil med nyhende og ein kvartett med hjortar som et på det same treet, til Odins ramnar Hugin og Munin.

Menneska

Kva så med menneska? Ja, dei finst også. Voluspå fortel korleis menneskeparet Ask og Embla blir funne og blåsne liv i av æsene Høne, Lodur og Odin. Men menneska har elles lite å bestille i dei kosmiske dragkampane som mytane fortel om.

Odin

Odin

Odin som gudekonge på trone flankert av ramnane Hugin og Munin; tanken og minnet, og ulvane Gere og Freke, som tyder grisk eller grådig. Illustrasjon frå 1880-åra av Carl Emil Doeppler. Foto: Wikimedia Commons.

Mange av desse historiene involverer Odin, sjefsguden eller «den Høge», som Snorre kallar han. Odin er ein krigargud som rår for siger og tap og samlar falne krigarar heime hos seg i Valhall. Men han er også guden for kunnskap og magi. Diktet Håvamål fortel korleis Odin hengde seg i eit tre, i ni netter, «ofra seg sjølv til seg sjølv», for å få hemmeleg kunnskap. Ei anna historie, som blir fortald i ulike versjonar, handlar om at Odin la det eine auget sitt som pant i Mimes brønn for å få innblikk i ting som vanlege dødelege ikkje får sjå.

Voluspå

Diktet Voluspå gir enda eit døme på Odins grenselause tørst etter kunnskap. Her vitjar han ei volve, ei kvinne som kan sjå inn i både fortid og framtid. Odin får henne til å fortelje om korleis verda vart til frå ingenting: Først var det berre Ginnungagap, ein tom stad, utan gras, sand eller sjø. Andre kjelder fortel at Yme oppstod, ein tvikjønna urskapnad av jotunætt. Odin, Vilje og Ve drap Yme og skapte verda av kjøttet hans. Volva fortel så om korleis gudane etter kvart skapte dvergane og menneska. Ho ritar opp eit bilete av eit samansett kosmos: Det finst ni verder, mellom anna Midgard, der gudane og menneska bur, og Utgard, verda til jotnane. I midten står verdstreet Yggdrasil, som har røter i underverda og strekkjer seg heilt opp.

Tor, Loke, Fenrisulven og Midgardsormen

Det finst mange historier om møte mellom gudar og jotnar. Særleg Odins son Tor, som flyg rundt i ei vogn dregen av to bukkar så tora gjallar, er stadig ute og slåst med dei. Tor er rå kraft, ikkje alltid den luraste, men er der når han trengst. Hans rake motsetning er halvguden Loki, ein usætande type med eit sjarmerande vesen og nokså uviss kjønnsidentitet. Loki er far (eller mor!) til ei mengd mytologiske monster: Med hesten Svadilfare avla han Odins åttebeinte hest Sleipner, med jotunkvinna Angerboda fekk han Fenrisulven, dødsgudinna Hel og Midgardsormen, ein orm så lang at han buktar seg rundt heile Midgard. Ein gong på fisketur fekk Tor Midgardsormen på kroken og drog så hardt i snøret at verda rista.

Frøy, Frøya, Frigg og Balder

Vanene Frøya og Frøy er knytte til fruktbarheit, vekstane i naturen og avlingane på markene. Frøya rådde også i spørsmål om kjærleik, fødsel og død. Ho køyrer i ei vogn som blir dregen av to kattar og som går lydlaust. Frigg er gift med Odin og veit liksom han alt om framtida både for verda, gudar og menneske. Ho er ei av fleire åsynjer, kvinnelege gudar, men dei fleste av dei veit vi dessverre lite om. Frigg er mor til Balder, den vakraste av gudane, godt likt av alle. Den mest dramatiske hendinga i gudeverda er når Balder på grunn av Lokes list blir drepen i ein leik. Gudane sende bod for å hente han ut av Hel, men til inga nytte.

Ragnarok

Det er byrjinga på slutten for gudane, slik det er skildra i Voluspå. Gjennom heile diktet blir det sådd frø til ein katastrofe som skal komme. Det er strid om gull og makt, det er konfliktar og gamalt agg som veks seg større. Så gjallar Heimdals horn, «lagnadstungt»: Det er signalet for den store vinteren, for ein krig der alle slåst med alle, bror mot bror: Ragnarok. Fenrisulven slit seg laus frå lenkjene og sluker Odin, Tor og Midgardsormen drep kvarandre, verda blir lagd i øyde. Sola sloknar, jorda sig i havet. Og stig så opp att, med ein ny generasjon av gudar. Lyder dette kjent? Vi kan seie at kristne førestellingar hos dei som skreiv dette om undergang og atterføding blir blanda saman med gamle, og ganske universelle tankar om at verdshistoria er syklisk og dømd til å gå i ring.

For å seie det, igjen, med volva sine ord: Veit de nok, eller kva?

 

*Sitata frå Voluspå er frå Edda-dikt, Gjendikting og kommentarar av Knut Ødegård, Cappelen Damm 2014.