Multinorske-

Det Multinorske

Det Multinorske er eit initiativ frå Det Norske Teatret for at teatra skal kunne byggje ensemble som speglar det moderne Noreg.
Derfor har vi saman med Nord Universitet oppretta ei treårig utdanning for skodespelarar med ikkje-vestleg bakgrunn. Studentane må du ha familiebakgrunn utanfor Europa, og må kunne bruke norsk i daglegtale. Det første kullet blei uteksaminert våren 2015, og 6 nye studentar starta studiet hausten 2015.

Utdanninga er ei fullverdig skodespelarutdanning på lik linje med dei andre statlege teaterhøgskulane i Noreg og Norden og leier til ein bachelorgrad. Studentane vil ha status som studentar ved Høgskolen i Nord-Trøndelag, med rett til lån og stipend frå Lånekassen. Dei som fullfører studiet får tilbod om ein praksisperiode med løn på Det Norske Teatret.

Les meir på Det multinorske sine nettsider.

Studentar ved Det multinorske 2012-2015

multinorske-fellsbilete-

Sara Khorami, Kadir Talabani, Judy Nyambura Karanja og Thomas Bipin Olsen er ferdige med studiet ved Det Multinorske. Foto: Siren Høyland Sæter.

Studentar ved Det multinorske 2015-2018

Hausten 2015 starta Emil Rodrigo Jørgensen, Mimmi Tamba, Peiman Azizpour, Catharina Vu, Kidane Gjølme Dalva, og Amina Sewali ved Det multinorske. Foto: Siren Høyland Sæter.

 

Bakgrunn for studiet

Det har lenge vore ei felles oppfatning både innanfor og utanfor det norske teatermiljøet at det blir rekruttert altfor få skodespelarar frå innvandringsmiljøa. Det multinorske er eit unikt initiativ frå Det Norske Teatret som meiner at teatra må kunne byggje ensemble som speglar det moderne Noreg. Det er derfor Det Norske Teatret er i gang med  eit utdanningsprosjekt i regi av Det multinorske for skodespelarar med innvandringsbakgrunn. Utdanninga er treårig og leier til ein bachelorgrad. Dei som fullfører studiet får tilbod om eit praksisår med løn på Det Norske Teatret. Studiet blir gjennomført i samarbeid med Nord Universitet, men undervisningsopplegget er primært på Det Norske Teatret.

Kontakt: roar.myrvang@detnorsketeatret.no