Tre Heddaprisar til Det Norske Teatret

Toralv Maurstad, ensemblet i Edda og Robert WIlson mottok Heddaprisar under årets Heddapris-utdeling!

Det Norske Teatret er stolte av sine tre Heddapris-vinnarar: Toralv Maurstad som fekk prisen for Beste mannlige medspiller for rolla som Jon i Overføring, heile ensemblet i Edda, som fekk prisen for Særlig kunstnerisk innsats, og Robert Wilson som stakk av med prisen for beste Scenografi/kostymedesign for Edda.

Beste mannlige medspiller – Toralv Maurstad i Overføring

Ein rørt Toralv Maurstad tok imot Heddaprisen for Beste mannlige medpiller, full av takksemd for berre det å kunne stå på scenen i kveld. «Erfaring er den beste plattform når den utnyttes riktig», heitte det i grunngjevinga frå Hedda-komitéen.

Prisen for Særlig kunstnerisk innsats – ensemblet i Edda

Ensemblet i Edda fekk prisen for sin gjennomførte stilbevissthet. – Det viktigste er «to listen and to have fun», sa Gjertrud Jynge i sin takketale. – No skal vi drikka, og no skal vi feira at Edda skal ut i verda!

Beste scenografi/kostymedesign – Robert Wilson for Edda

«Fortellingen vises, vel så mye som den spilles» – heitte det i Hedda-juryens begrunning. Wilson kvitterte med å kalle Edda «A real ensemble effort» –  og var takksam til alle som gjorde denne produksjonen  mogleg.

Heddakomitéens Ærespris til Bjørn Sundquist

Til slutt mottok ein svært bevega Bjørn Sundquist Æresprisen. I grunngjevinga heitte det at han » både i sitt mangslungne arbeid med vidt forskjellige karakterar, og i skrift og tale, klargjort skiljet mellom «det å vere naturleg og det å vere ekte». Han karakteriserer det som eit avgjerande vendepunkt og gjennombrot i karrieren sin da han for første gong brukte sitt eige språk profesjonelt i forestillinga Bonanza Superskip på Det Norske Teatret i 1979″. Bjørn Sundquist var tilsett ved Det Norske Teatret frå debuten i 1972 til 1989. Dei seinare åra har han sett opp fleire stykke av Samuel Beckett på scenene våre.

Vi gratulerer alle vinnarane!!

Her kan du sjå liste over alle