Ei gåve ingen har frå før

Gåvekort på teater er like godt eigna til venneparet og mormor, som til kollegaer. Vi har framsyningar som passar for alle!

Du bestemmer sjølv kor stor gåve du vil gi.

Enkelt

Gåvekortet kan du kjøpe i billettluka vår eller her på nettsida og printe dei ut sjølv heime. Kjekt om du er ute i siste liten…
Kjøper du gåvekortet i billettluka, blir det lagt i eit fint omslag.
Kjøper du gåvekortet på nettet, kan du også få det tilsendt i posten med eit fint omslag for 50,- ekstra.

Du bestemmer prisen

Dei som får gåvekortet kan bruke det til å handle i butikken vår eller betale billettar med – og dei kan betale ekstra sjølve om gåvekortet ikkje strekker til.
Framsyningane våre kostar frå 170,- til 750,-.

Gjeld i to år

Gåvekortet gjeld i to år frå du kjøpar det.