Her er programmet for hausten 2017!

Vi held fram med den sterke satsinga på ny, norsk dramatikk, i tillegg til at vi smeller i gang hausten med den etterlengta Broadway-suksessen The Book of Mormon.

Oversyn over heile repertoaret nedst i artikkelen!

Repertoaret spenner frå den store broadwaymusikalen til ei scenisk diktframsyning med utgangspunkt i myten om HerostratosI tillegg kjem Stein Winge tilbake til Det Norske Teatret, og vi satsar også i haust stort på nytt norsk eventyrteater for barn på Hovudscenen med Snøkvit.

Broadwaysuksessen The Book of Mormon

Hovudscenen opnar til hausten med musikalen skapt av duoen bak teikneserien South Park og mannen bak musikken til Disneyfilmen Frost. Dette er ein overraskande og satirisk musikal om religion, som har sprengt alle grenser for kva ein kan tulle med – og komme unna med. For regien står ein av Noregs humor-ynglingar; Vidar Magnussen, som også debuterer som regissør.

Les meir: Sensasjonen frå Broadway til Oslo

Stein Winge tilbake på Det Norske Teatret

Sist Stein Winge var på Det Norske Teatret, var med den seks timar lange framsyninga Bibelen. Denne gongen er det den absurdhumoristiske og groteske framsyninga som på norsk har fått tittelen Skål for dommedag! Winge skal bryne seg på. Stykket er best kjent under tittelen Le Grand Macabre, etter Ligetis opera bygd på teaterstykket. Her møter vi den obskure karakteren Nekrotzar, som trugar med at han vil knuse verda med ein komet. Dommedagspanikken spreier seg i befolkinga, men så drikk Nekrotzar seg stupfull, og gløymer det heile.

Skandinaviapremiere

Det Norske Teatret har også vore så heldige å få vere først ute mellom dei Skandinaviske landa med Broadwayframsyninga Heisenberg av Simon Stephens om eit spesielt møte mellom to menneske på ein togstasjon. Stephens er kjent for eit norsk publikum for å ha dramatisert Det merkelege som hende med hunden den natta, som går for fulle hus på Scene 3 for fjerde året på rad.

Ei verd av nashorn

Kva om du ein dag vakna opp, og så var alle rundt deg blitt til nashorn? På Scene 2 presenterer vi Eugene Ionescos absurd komiske Nashornet. Heilt vanlege menneske sluttar å vere vanlege og blir som nashorn, som drit i humanisme, drit i faktasjekk, drit i kultur og drit i vanleg folkeskikk. Kva gjer du, når det går opp for deg at verda held på å bli overtatt av klønete, vulgære, aggressive og territoriale dyr med dårleg gangsyn og liten hjerne?

Ekstremisme og oppgjer med julefeiringa

På Scene 3 vil to stykke – på svært ulikt vis – sjå nærare på kva som ligg til grunn for at nokon gjer ekstreme handlingar. Nadia – eit internasjonalt samarbeid med teaternettverket ETC – vil sjå nærare på kva som gjer unge menneske radikaliserte. Det sceniske diktet Herostratos, tek utgangspunkt i sjølve myten om Herostratos – ønsket om å gjere seg sjølv udøyeleg gjennom ein udåd. Scene 3 byr også på nok ei norsk urpremiere, nemleg ei alternativ juleforteljing gjennom Gunnar Germundssons Faens Nisse, som tek eit oppgjer med den norske julefeiringa.

 

HEILE REPERTOARET HAUSTEN 2017

Teatersjef Erik Ulfsby fortel kva teaterhausten har å by på i Teaterpodden – med seg har han Frank Kjosås, Markus Bailey, Charlotte Frogner, Heidi G. Broch og Catrine Telle.

 

Nadia-slide-2sett saman av ulike tekstar
Urpremiere 30. august på Scene 3
Regissør: Peer Perez Øian

 

The-Book-of-Mormonav av Trey Parker, Robert Lopez og Matt Stone
Noregspremiere 2. september på Hovudscenen
Regissør: Vidar Magnussen

 

skaal-for-dommedag-slideav Michel de Ghelderode
Noregspremiere 9. september på Scene 2
Regissør: Stein Winge

 

Snokvit-slide-2

av Maria Tryti Vennerød og Julian Skar
Urpremiere 7. oktober på Hovudscenen
Regissør: Kjersti Haugen

 

Herostratos-slide-2av Janne Camilla Lyster
Urpremiere 11. oktober på Scene 3
Regissør: Øyvind Osmo Eriksen
Nashornet-slideav Eugene Ionesco
Premiere 14. okotober på Scene 2
Regissør: Ingrid Weme Nilsen

 

Nisse-slide-2av Gunnar Germundsson
Urpremiere 10. november på Scene 3
Regissør: Catrine Telle

 

Heisenberg-slide-2av Simon Stephens
Skandinaviapremiere 25. november på Scene 2
Regissør: Erik Ulfsby