Arrangement og selskap

Bli kjent med ein ny arena og få idear og inspirasjon!

Det Norske Teatret ønskjer velkommen til flotte lokale, midt i Oslo sentrum. Med store foajéområde er huset godt eigna for alle typar arrangement, som til dømes kick-off, konferanse, julebord, sommarfest, mottaking, VIP-middag, jubileum, teaterkveld, frukostmøte, prisutdeling og pressekonferanse.

Berre fantasien set grenser for korleis ditt arrangement skal sjå ut!

Ta kontakt for eit møte eller eit tilbod!
Elisabeth Hermansen: utleige(@)detnorsketeatret.no
Tlf. 22 42 43 44

Velkommen til ein berekraftig møteplass til deg som arrangør

Les meir

Sceneromma våre

Vi har tre flotte scenar med kapasitet på 120, 200 og 720 plassar, i tillegg til scenerommet Bikuben med 120 plassar. Desse kan ein leige når det ikkje er prøvar eller framsyningar.

Les meir

Ditt arrangement

Ta med kundane dine eller kollegaer i teateret. Kjøper de ein heil sal med 120, 200 eller 720 plassar får de ekstra gode rabattar og vi kan til dømes arrangere møte med skodespelarane før eller etter framsyninga.

Les meir

Lær av oss

Få nye idear, glede og inspirasjon på Det Norske Teatret. Kompetanseoverføring frå teater til næringsliv er spennande. Lær til dømes skodespelarteknikkar når det gjeld motivasjon, kreativitet, kommunikasjon og samarbeid frå våre eigne aktuelle skodespelarar.

Huset vårt

Er du nysgjerrig på korleis eit av Noregs største og mest moderne teaterhus ser ut frå innsida? Kombiner besøket ditt med ei inspirerande omvising i det 27.000 m2 store teaterhuset vårt.

Bli partnar

Det Norske Teatret inviterer næringslivet til å vere med på den spennande utviklinga av det store huset vårt, til felles glede og nytte. Med bakgrunn i den nynorske tradisjonen, skal Det Norske Teatret skape nye uttrykk, bruke ny teknologi, få fram nye skapande røyster og møte nye generasjonar i teatersalen.