SJEKK SCENEN - FOR DEG SOM HAR UNGDOMSKORTET

Kvar sesong lagar vi eit program for deg som har ungdomskortet og som har lyst til å oppleve noko meir i teatret enn sjølve framsyninga. Det blir  mange spennande møte med folk på scenen, omvisingar i kulissane, treff bak scenen, kunnskap om korleis ein produksjon blir til og andre aktuelle aktivitetar. Alle SJEKK SCENEN-arrangementa er gratis men du må melde deg på til 
ung@detnorsketeatret.no på førehand for å reservere plass.

HAUSTEN 2011

NEXT TO NORMAL:

20/10 kl. 18:30Omvising på huset med Janne Svebakken. Janne tar deg med på alle verkstader og rom som gjer teatret til ein unik arbeidsplass. 

 

Begrensa plasser! Påmelding til ung@detnorsketeatret.no

 

 

 

BONDESTUDENTAR

3/11 etter framsyning - "På Scenekanten". Umiddelbart etter framsyning kjem skodespelarane tilbake for å svare på spørsmål du måtte ha. Inga påmelding her, kun billett til framsyning. 

 


EVIG UNG

17/11 og 25/11 (obs! 25/11 er matinè) etter framsyning - "På Scenekanten". Umiddelbart etter framsyning kjem skodespelarane tilbake for å svare på spørsmål du måtte ha. Inga påmelding her, kun billett til framsyning. 

 

KJÆRE LANDSMENN

23/11 etter framsyning - "På Scenekanten". Umiddelbart etter framsyning vil Herborg Kråkevik, hovudpersonen og forfattar av framsyninga, fortelje om prosessen med skriving av stykket. Inga påmelding her, kun billett til framsyning. 

 

 

TIDA OG ROMMET

20/9 etter framsyning - "Regissørtreffet". Umiddelbart etter framsyning vil du få treffe Teatersjef Erik Ulfsby i samtale med ein eller fleire skodespelarar. Erik Ulfsby er også regissør av dette stykket. Ingen påmelding her, kun billett til framsyning.  

 

FUNDAMENTALISTEN 

25/11 etter framsyning - "Regissørtreffet". Umiddelbart etter framsyning vil du få treffe Teatersjef Erik Ulfsby i samtale med regissør Peer Perez Øian. Inga påmelding her, kun billett til framsyning. 

 

SJUK UNGDOM

1/12 etter framsyning - "Regissørtreffet". Umiddelbart etter framsyning vil du få treffe Teatersjef Erik Ulfsby i samtale med regissør Peer Perez Øian. Inga påmelding her, kun billett til framsyning. 

 



Loading
 
 
Kristian IVs gt 8, N-0164 OSLO      Billettluka: (+47) 22 42 43 44      Sentralbord Adm: (+47) 22 47 38 00