
GÅ PÅ TEATER FOR BERRE 85 KRONER!
Med Ungdomskortet kan du mellom 16 og 25 sjå teater til 85 kroner. Kvar framsyning har eigne ungdomskortdatoar med rabatt. I tillegg lagar vi kvar sesong eit program under vignetten SJEKK SCENEN. Her får du treffe skodespelarar, regissørar og andres sentrale aktørar i framsyningane, bli med på omvisning, sjå inn i kulissane m.m. Under finn du eit oversyn over når du får billettar til ungdomskortpris i haustsesongen 2010. For å få kortet må du først registrere deg her. Send deretter ein e-post til ung@detnorsketeatret.no for å bestille billett og hugs å skrive dato du ønskjer å sjå framsyning, namn og kortnummeret ditt i e-posten. For løpande informasjon om kva som skjer, følg Ungdomskortet på Facebook.
UNGDOMSKORTDATOAR HAUSTSESONGEN 2010
NEXT TO NORMAL
Noregspremière 3. september på Hovudscenen
USAs mest omtalte nye musikal
Ungdomskortdatoar: 15/9 og 22/9 kl. 20:00 (NB! Fleire datoar med ungdomskortrabatt kjem til hausten)
SJEKK SCENEN: 15/9 På scenekanten
Meir om framsyninga her

KØNTRILÅVV
Urpremière 8. september på Prøvesalen
Ei hyllest til Ho og Han. Med band.
Ungdomskortdatoar: 11/9 kl. 18:00 og16/9 og 6/10 kl. 20:00
Meir om framsyninga her
UNGE WERTHERS LIDINGAR
Première 10. september på Scene 2
Om stormfull kjærleik
Ungdomskortdatoar: 16/9 kl. 19.30 og 25/9 kl. 17:30 (NB! Fleire datoar med ungdomskortrabatt kjem til hausten)
Meir om framsyninga her
DEN HEMMELEGE HAGEN
Première 15. oktober på Hovudscenen
Teamet bak Jungelboka er tilbake med eit suggereande rollespel.-
Ungdomskortdatoar: 16/10, 19/10, 22/10, 23/10, 2/11, 12/11, 19/11. Kvardagar kl. 17:00/18:30, laurdagar kl. 15:00. (NB! Fleire datoar med ungdomskortrabatt kjem til hausten)
SJEKK SCENEN: 2/11 Titt inn i kulissane
Meir om framsyninga her
NEVERLAND
Urpremière 22. oktober på Scene 2
Ein sorgmunter fabel med beats, kaninar og kongen av pop
Ungdomskortdatoar: 11/11 kl. 18:00 (NB! Fleire datoar med ungdomskortrabatt kjem til hausten)
SJEKK SCENEN: Daot kjem: Arbeidsdemonstrasjon
Les meir om framsyninga her