Text/HTML
Minimize
 
Skoleaktivitetar

Kvar sesong set vi fokus på nokre framsyningar vi meiner eignar seg særskild for skolegrupper. Til desse framsyningane tilbyr vi formidlingsaktivitetar som vil gi elevane større utbytte av framsyningane dei skal sjå. Desse aktivitetane vil gi auka kunnskap om stykka og aktualisere teaterbesøket for elevane. Det er berre høve til å kjøpe aktivitetane saman med billettar til det aktuelle stykket. NB! Avgrensa med plassar, ver tidleg ute med bestillinga. For bestilling av framsyning og skoleaktivitetar, ta direkte kontakt med skoleansvarleg på undervisning@detnorsketeatret.no / 22 47 38 22.

 

 

Teaterverkstad
Det gode mennesket frå Sezuan

Bli med på kreativ teaterverkstad og opplev den store Hovudscenens teatermagi! Elevane vil få oversyn over Brechts historiske og politiske ståstad og innblikk i episk dramaturgi. Skodespelarane Bernhard Ramstad, Gjertrud Jynge og Sigve Bøe vil jobbe med ulike Brecht-tekstar saman med elevane. Verkstaden vil munne ut i små visingar som elevane speler for kvarandre i scenografien til Det gode mennesket frå Sezuan på Hovudscenen.

 

Passar særleg for vidaregåande og folkehøgskolar.
Når: 18.1, 19.1 og 20.1 kl. 9.15-12.00. Framsyninga startar: 18.1 og 19.1 kl. 20, og 20.1. kl. 13

Pris: Kr 40 per elev for teaterverkstaden, Kr 175 per elev for framsyninga

 

 

Skriveverkstad
Das Boot

Vil du gi elevane innblikk i dramaturgi og manusarbeid og late dei få prøve seg på scenen? Dramatikaren Petter Rosenlund gir elevane ei innføring i dramaturgi. Med seg har han to skodespelarar frå produksjonen som les og illustrerer. Etter innføringa skriv elevane eit manusutdrag som skal bli framført på scenen i scenografien til Das Boot. Rosenlund og skodespelarane vil rettleie og instruere under prosessen. Elevane vel om dei vil spele sjølve eller late skodespelarane gjere det.

 
Passar særleg for vidaregåande og folkehøgskolar.
Når: 31.1, 1.2, 2.2 og 9.3 kl. 9.15-12/12.30. Framsyninga startar: 31.1 kl. 13, 1.2 og 2.2 kl. 19.30 og 9.3. kl. 18.
Pris: Kr 40 per elev for skriveverkstaden, Kr 150 per elev for framsyninga

 



Skolebesøk

Felix’ fantastiske orkester

Ta med elevane på Felix’ fantastiske orkester og få besøk av to skodespelarar på kjøpet! Dei troppar opp på skolen før elevane skal sjå framsyninga. Skodespelarane vil gi elevane ein morosam inngang til stykket og førebu dei på teateropplevinga. Dette vil hjelpe elevane til å forstå stykket betre og gi dei ei totaloppleving på teatret.



Passar særleg for barneskolen.
Når: Etter avtale
Pris: Skolebesøket er gratis, Kr 150 per elev for framsyninga

 

 

Print  

Loading
 
 
Kristian IVs gt 8, N-0164 OSLO      Billettluka: (+47) 22 42 43 44      Sentralbord Adm: (+47) 22 47 38 00