
Ønskjer du å arbeide med fagrelaterte spørsmål i tilknyting til eit teaterbesøk? Vil du gjere eit djupdykk i stoffet før og etter ei framsyning saman med elevane?
Det Norske Teatret utarbeidar pedagogisk materiell til utvalte framsyningar for å gi skolane nokre leietrådar inn i stykket. Materiellet rettar seg både mot særskilt eigna fag, men har også ein allmenn karakter. Det blir laga med varierande omfang og innhald, avhengig av framsyninga si form og tematikk. Døme på innhald er resymé av stykket, intervju med regiss&aslash;r, hovudrolleinnehavar og andre, relevante artiklar og sjølvsagt oppgåver/aktivitetar.
Det pedagogiske heftet kan brukast på ulike måtar:
- som undervisningshjelp for læraren før og etter framsyninga
- som utgangspunkt for å aktivisere og engasjere elevane
- som bakgrunnsinformasjon til generell fordjuping
Last ned pedagogisk materiell:

Don Carlos

Familien - August: Osage County vår 2010

Du ska få en dag i mårå.
Haust 2009

Jesus Christ Superstar Hausten 2009
Haust 2009

Andromake
Vår 2009

Vaktmeisteren
Vår 2009

Eit lykkeleg sjølvmord
Vår 2009

Jungelboka
Haust 2008 / Vår 2009

Løytnanten frå Inishmore
Haust 2008

Henrik IV
Vår 2008

Mitt namn er Rachel Corrie
Vår 2008

Få meg på, for faen
Haust 2007/vår 2008