Unn Vibeke Hol og Oskar Braatens frodige kvinner i Mens Hjula står er klare for Prøvesalen igjen

Mens hjula står, 5. mai kl. 20.00 på Prøvesalen

Unn Vibeke Hol møtte dei frodige damene til Oskar Braaten første gongen då ho spelte Petrina i Ungen i 1981. I Mens hjula står har ho plukka av gamle og nye kjenningar mellom novellene til Braaten, og leita fram songar som høyrer til tida og miljøet. Unn Vibeke Hol lèt åndelege songar frå hundreårskiftet og eldgamle skillingsviser tale om ei tid som Oskar Braaten hjelper oss å hugse. Visene balanserer hårfint mellom humor og alvor og miljøet spenner frå flaska til frelsesarmeen.

Mens hjula står hadde premiere i 2003, men har etter det hatt mange framsyningar rundt om i landet og slik levd sitt eige liv. Den er blitt spelt i historielag og museumsleilegheiter, den har vandra langs Akerselva, vore del av festframsyninga til Frelsesarmeens 100-årsjubileum og framsyninga har òg spelt for Rikskonsertane. No gler Unn Vibeke Hol og Braatens kvinner, frå den blåforklekledde, sterke typen til dei som treng at nokon gjev dei ei hjelpande hand, seg til å kome heim til eige kjøkken på Det Norske Teatret. Ein kaffikopp og ein kakebit vankar det òg på dei som tek turen til Prøvesalen.

Framsyninga blir spelt i perioden 5. til 21. mai. Dersom du ønskjer å gjere intervju med Unn Vibeke Hol, eller ønskjer pressebillettar til framsyninga, ta kontakt med Informasjonsavdelinga på telefon 22 47 38 30/27 eller på e-post info@detnorsketeatret.no


Loading
 
 
Kristian IVs gt 8, N-0164 OSLO      Billettluka: (+47) 22 42 43 44      Sentralbord Adm: (+47) 22 47 38 00