2009 var eit godt kunstnarleg og økonomisk år for Det Norske Teatret

Det Norske Teatret hadde årsmøte søndag 25. april. 2009 var eit godt kunstnarleg og økonomisk år for Det Norske Teatret. Etter eit utfordrande år, kan teatret konstatere at tiltaka for å snu ein vanskeleg økonomisk situasjon har gitt ønska resultat.

Eit variert repertoar ga eit samla publikumstal på 187 026 (175.000 for 2008) og gjer dermed Det Norske Teatret til landets best besøkte teater i 2009. Det Norske Teatret hadde eigne inntekter på 42 894 millionar kroner (37 772 for 2008). Dette er blant dei beste resultata nokon gong for teatret.

Det Norske Teatret kan vise til eit rekordgodt økonomisk resultat i 2009.
Resultatrekneskapen viser eit overskot på 15,5 millionar kroner. I dette er ein tidlegare balanseført avsetning for vedlikehald på 5,1 millionar kroner inntektsført. Det reelle årsresultatet er med andre ord på 10,4 millionar kroner (mot eit underskot på 6,2 millionar kroner for 2008).

I 2009 har Det Norske Teatret i hovudsak satsa på nyskrivne tekstar, og utanlandsk dramatikk som aldri før er spelt i Noreg. Teatret hadde seks urpremierar og tre noregspremierar. Blant dei mange kritikar- og publikumssuksessane i 2009 finn vi Evig Ung, Jungelboka og Jesus Christ Superstar på Hovudscenen og Andromake, Så blir det stilt, Per Sivle – ikkje lenger enn min kjærleik rekk på Scene 2.

Etter val på årsmøtet har styret for L/L Det Norske Teatret denne samansetjinga: Magnus Rindal (styreleiar), Nina Refseth (nestleiar), Arild Sundberg, Steinar Ness (ny, valt for 2 år) og Hege Marie Norheim. Frå dei tilsette sit Ivar Vasaasen og Ola E. Bø (ny, valt for 2 år) i styret.

For evt. spørsmål, kontakt styreleiar Magnus Rindal på 95 29 27 05.

Årsmeldinga er å finne på www.detnorsketeatret.no <http://www.detnorsketeatret.no> , under Om teatret. Ønskjer du årmeldinga tilsendt, gi melding om dette.

 


Loading
 
 
Kristian IVs gt 8, N-0164 OSLO      Billettluka: (+47) 22 42 43 44      Sentralbord Adm: (+47) 22 47 38 00