Her finst godbitar for ein kvar smak og storleik

Kostyme- og rekvisittsal 24. april kl. 12.00 til 16.00 i foajeen på Det Norske Teatret

Laurdag 24. april kl. 12:00 - 16:00 tømmer vi lagra og du får høve til å sikre deg kostyme og rekvisittar frå store og små framsyningar dei siste åra. Om du likar rollespel i skogen, er sjansane store for at du finn middelalderkostyme med sverd og skjold. Om du har medlemsskap i ein heksering, kan vi lokke med kostyme frå Which Witch. Om du skal du starte danseband er kanskje glinsande dressar noko for deg? Og kanskje kan det vere av interesse å sikre seg maskeradekostyme frå Romeo og Julie, krostolar frå Les Miserables, tronstolar frå Draumen om Narnia, ein krokodille frå Peter Pan eller ein slange frå Jungelboka ? Ta med store og små, her finst det garantert godbitar for ein kvar smak og storleik.

For meir informasjon, ta kontakt med Ida Michaelsen på telefon 22 47 38 30 eller på e-post ida@detnorsketeatret.no


Loading
 
 
Kristian IVs gt 8, N-0164 OSLO      Billettluka: (+47) 22 42 43 44      Sentralbord Adm: (+47) 22 47 38 00