Makt styrt av attrå, Baksnakk om Don Carlos torsdag 22. april kl. 18.30 i foajeen på Det Norske Teatret
Torsdag 22. april blir det BAKSNAKK om eit kjærleiksdrama, eit familiedrama og eit sterkt drama om politisk fridom: Don Carlos.
Vi er ved 1500-tallets spanske hoff, der generasjonskløfta mellom kongen og sonen hans er ein kamp på liv og død. Friedrich Schiller går i Don Carlos inn i både politisk og erotisk liv på ein djerv måte. I begge samanhengar blir det eit spel på liv og død. Kva skjer når makt forvitrar og blir styrt av attrå?
I panelet sit Knut Andreas Grimstad, regissør Runar Hodne og germanist og forskar ved Universitetet i Oslo Helge Jordheim.
For meir informasjon, kontakt informasjonsavdelinga på Det Norske Teatret, tlf: 22 47 38 30/27 eller e-post: info@detnorsketeatret.no
|
Kristian IVs gt 8, N-0164 OSLO
Billettluka: (+47) 22 42 43 44
Sentralbord Adm: (+47) 22 47 38 00