Winter av Jon Fosse gjestar Det Norske Teatret

13. april kl. 20:00 på Prøvesalen

FRÅ HOLLYWOOD TIL NOREGSPREMIERE PÅ DET NORSKE TEATRET: Kritikarroste Winter av Jon Fosse med Lene Pedersen og Espen Reboli Bjerke i hovudrollene gjestar Det Norske Teatret i perioden 13.- 17. april.

Winter hadde USA-premiere på det historiske filmstudioet The Culver Studios i Los Angeles. Storavisa Los Angeles Times skreiv “A stunning multimedia liftoff”, og utnemnde framsyninga til ei av dei ti beste teaterframsyningane i 2008. Winter fortel historia om ei kvinne som ein kald vinterkveld kjem i kontakt med ein einsam mann på forretningsreise. Dei to blir vikla inn i eit både komisk og brutalt forhold. Med fare for livet og framtida blir paret drege mot kvarandre i ein lengt dei ikkje maktar å kontrollere. Ei tilfeldig intim natt på eit hotellrom forandrar dei for alltid.

Produsent og hovudrolleinnehavar Lene Pedersen har fått med seg nokre av dei mest ettertrakta designarane i verda for å skape denne framsyninga: designar Ray Woodbury (No Doubt, Gwen Stefani, Lady Gaga), lysdesignar Andy Figueroa (Stevie Wonder, Neil Young, The Crystal Method), og originalmusikk komponert av Gabrial McNair (No Doubt, Green Day, Smashing Pumpkins). Norsk regi er ved danske Janne Halleskov Kindberg. Framsyninga er på engelsk.

Dersom du ønskjer å gjere intervju med Lene Pedersen og/eller andre i produksjonen, eller ønskjer pressebillettar til framsyninga, ta kontakt med Informasjonsavdelinga på telefon 22 47 38 30/27 eller på e-post info@detnorsketeatret.no


Loading
 
 
Kristian IVs gt 8, N-0164 OSLO      Billettluka: (+47) 22 42 43 44      Sentralbord Adm: (+47) 22 47 38 00