Baksnakk om Den stygge av Marius von Mayenburg

Onsdag 7. april kl. 18.00 på Hovudscenen på Det Norske Teatret

Onsdag 7. april blir det BAKSNAKK om å pynte på kropp og ansikt med utgangspunkt i den tyske samtidsdramatikaren Marius von Mayenburg og stykket hans Den stygge som hadde noregspremiere på Det Norske Teatret 19. mars.

Vi spør kor det blir av det individuelle i jakta på det perfekte. Kva avgjer eigentleg om noko er pent eller stygt? Og stikk identitet djupare enn utsjåande? I panelet sit forskar Erling Dokk Holm, skodespelar Svein Tindberg, som for tida speler den stygge på Scene 2, og overlege i plastisk kirurgi Petter Frode Amland. Det er mogleg å sjå framsyninga same kveld kl. 19.30.

For meir informasjon, kontakt informasjonsavdelinga på Det Norske Teatret, tlf: 22 47 38 27 eller e-post: info@detnorsketeatret.no
 


Loading
 
 
Kristian IVs gt 8, N-0164 OSLO      Billettluka: (+47) 22 42 43 44      Sentralbord Adm: (+47) 22 47 38 00