LADYEN AV BURMA på Prøvesaeln på Det Norske Teatret 11.-20. mars
Ingunn Øyen har hatt suksess med Richard Shannons Ladyen av Burma. I perioden 11.-20. mars speler Øyen monologen om menneskerettsforkjemparen Aung San Suu Kyi på Prøvesalen på Det Norske Teatret. Suu Kyi fekk Nobels fredspris i 1991 og sit framleis, etter 20 år, i husarrest i Burma.
I Ladyen av Burma får vi innblikk i dei vala Suu Kyi gjorde som har avskore henne frå eit normalt familieliv. I stykket sit ho i eit fengsel i Rangoon etter arrestasjonen i 2003. Ho held motet oppe ved å røre på seg og meditere. Ho manar fram bilde frå livet sitt: huset, hagen og sjøen. Aung San Suu Kyi har hatt eit uvanleg liv og er eit uvanleg menneske. Som ein rollefigur i et gresk drama står ho opp for saka si, ubøyeleg og modig og ofrar dei ho elskar for ei sak som er endå større: frigjeringa av sitt land og folk.
Produsent er Nord-Trøndelag Teater, regi er ved Liv Hege Nylund, musikk ved Frode Fjellheim, scenografi ved Renata Wyss, lysdesign ved Sune Schjelderup og teksten er omsett av Janneke Flem Jansen. Framsyninga er eit samarbeid mellom Nord-Trøndelag Teater og Det Norske Teatret.
Dersom du ønskjer å gjere intervju med Ingunn Øyen, eller ønskjer pressebillettar til framsyninga, ta kontakt med Informasjonsavdelinga på telefon 22 47 38 30/27 eller på e-post info@detnorsketeatret.no
|
Kristian IVs gt 8, N-0164 OSLO
Billettluka: (+47) 22 42 43 44
Sentralbord Adm: (+47) 22 47 38 00