Glitrande perler og kongeleg maktkamp på Hovudscenen

Hosted by web hosting

Don Carlos av Friedrich Schiller: Pressevising torsdag 4. mars kl. 11:30 og premiere 12. mars kl. 19:00 på Hovudscenen på Det Norske Teatret

Det glitrar på Hovudscenen på Det Norske Teatret når Don Carlos har premiere fredag 12. mars. Gjennom lag av funklande perler blir det spanske hoff forvandla frå ein 1500-tals slottsplass til ei sofistikert, moderne og elegant Chanel-verd. Don Carlos er ein opprivande familietragedie, men òg eit sterkt drama om politisk fridom. Eit strategisk ekteskap mellom kongen i Spania og prinsessa av Frankrike utløyser sjalusi og maktkamp. Kongens menn kjempar fortvila for å halde på makta, men unge krefter, som vil ha meir fridom og demokrati, vel Don Carlos og venen Posa som sine faneberarar.
 
Torsdag 4. mars inviterer vi pressa til eit kort innblikk i maktkampen. Klokka 11:30 blir det pressevising med eit utdrag frå stykket. Kvifor denne fascinasjonen for enkeltmenneskets kamp i ein internasjonal konflikt? Har Don Carlos åndsfrendar i moderne tid? Regissør Runar Hodne fortel om stykkevalet og det blir høve til å snakke med ensemblet i etterkant.
 
Don Carlos markerer eit skifte i den store, tyske diktarens forfattarskap. Schiller går frå si ungdomstids skarpe skilje mellom godt og vondt til å skildre meir sammensette karakterar.
 
Den lidenskapelege Don Carlos blir spelt av Per Kjerstad som med denne rolla debuterer på Oslo-scenen. Tidlegare har han gjort store roller ved Hålogaland Teater og Rogaland Teater. Han spelte m.a. løyntant Glahn i Yngve Sundvors kritikarroste oppsetjing av Pan ved Hålogaland Teater – ein innsats han fekk Hedda-nominasjon for. Besteven og fridomskjemparen Posa blir spelt av Nicolai Cleve Broch som er tilbake på Det Norske Teatret etter fem år ved andre scener.
 
I tillegg får vi sjå eit større ensemble med Sverre Bentzen (Kong Philipp), Kirsti Stubø (Elisabeth), Gjertrud Jynge (Eboli), Morten Espeland (Alba), Trond Høvik (Lerma), Espen Løvås (Domingo) og Trini Lund (Hertuginna av Olivarez) på scenen.            
 
Scenografi og kostyme er ved Kari Gravklev. Her er det duka for intriger, tildekking, forvrenging og avsløring gjennom lag av funklande perler. Ola Bråten har den utfordrande jobben med å lyssetje scenen.

Dersom du kjem til pressevisinga eller ønskjer pressebillettar til framsyninga, ta kontakt med Ida Michaelsen på telefon 22 47 38 30 eller på e-post ida@detnorsketeatret.no


Loading
 
 
Kristian IVs gt 8, N-0164 OSLO      Billettluka: (+47) 22 42 43 44      Sentralbord Adm: (+47) 22 47 38 00