Når livsløgner står for fall

Baksnakk om Abi Morgans Blendverk tysdag 16. februar kl. 18.00 på Prøvesalen på Det Norske Teatret

Tysdag 16. februar blir det BAKSNAKK om den britisk samtidsdramatikaren Abi Morgan og stykket hennar Blendverk som hadde noregspremiere på Det Norske Teatret sist fredag. På BAKSNAKK blir publikum invitert til diskusjon, tematisk fordjuping og kunstnarleg innsikt med sesongens premierar som utgangspunkt.
 
Eit velståande nabolag i ein aust-europeisk by; i et hus ventar fire kvinner. Dei snakkar om Toy Story 2, Prada, chilli vodka – kva som helst. Medan snøen fell, kjem borgarkrigen nærmare og nærmare, og eit blendverk av livsløgner blir skrelt bort. Kva løgner skjuler seg bak diktatur, begjær og dekadanse? Knut Andreas Grimstad, Jakob Lothe og Rebecca Scherr vil diskutere den britiske, kritikarroste dramatikaren Abi Morgans stykke Blendverk. Lothe og Scherr er begge film- og litteraturvitarar ved Universitetet i Oslo.
 
For meir informasjon, kontakt informasjonsavdelinga på Det Norske Teatret,
tlf: 22 47 38 27 eller e-post: info@detnorsketeatret.no


Loading
 
 
Kristian IVs gt 8, N-0164 OSLO      Billettluka: (+47) 22 42 43 44      Sentralbord Adm: (+47) 22 47 38 00