Ekstraframsyningar frå laurdag 13. februar kl. 18.00 på Hovudscenen
Vinnaren av Komiprisen 2009 for beste framsyning Evig ung er tilbake med ekstraframsyningar frå 13. februar. Kven kan stå imot galgenhumoren, hitparadane og gjøglargleda i denne sjarmbomba av ei musikkteaterframsyning? Fram til 12. juni vil teatrets ”eldre” rigge seg til på Hovudscenen, men ein må heilt ut i april for å finne ledige billettar.
Den svensk-sveitsiske musikaren og teatermannen Erik Gedeon har gjort furore med sin musikalske teaterleik. Gapskratten har runga både i Hamburg og i Dresden. Kanskje fordi det ligg eit sårt alvor like under overflata. På scenen får de sjå Charlotte Frogner (Komiprisen 2009 for Årets gjennombrot) Gjertrud Jynge/Maria Bock, Frank Kjosås, Anders Rogg, Trond Høvik og Marit Kolbræk.
Dersom du ønskjer pressebillettar til framsyninga eller gjere intervju med skodespelarane, ta kontakt med Ida Michaelsen på telefon 22 47 38 30 eller på e-post ida@detnorsketeatret.no
|
Kristian IVs gt 8, N-0164 OSLO
Billettluka: (+47) 22 42 43 44
Sentralbord Adm: (+47) 22 47 38 00