Det Norske Teatret ligg an til å få eit rekordgodt økonomisk resultat i 2009. Etter eit utfordrande år, kan teatret konstatere at tiltaka for å snu ein vanskeleg økonomisk situasjon har gitt ønska resultat. Eit variert repertoar ga eit samla publikumstal på 187 026 (175.000 for 2008). I eit år der fleire teater har nedgang i publikumstal, er det ekstra gledeleg at Det Norske Teatret har trekt så mange til teatersalane. Det Norske Teatret hadde eigne inntekter på omkring 42,8 millionar kroner. Dette er blant dei beste resultata nokon gong for teatret.
Resultatrekneskapen viser eit overskot på 15,5 millionar kroner. I dette er ein tidlegare balanseført avsetning for vedlikehald på 5,1 millionar kroner inntektsført. Det reelle årsresultatet er med andre ord på 10,4 millionar kroner (mot eit underskot på 6,2 millionar kroner for 2008). Rekneskapen blir endeleg vedtatt på årsmøtet 25. april.
Det har lenge vore kjent at Det Norske Teatret har økonomiske utfordringar som har resultert i ulike tiltak for å betre situasjonen. Teatret var pålagt å dekke inn det akkumulerte underskotet på 7,6 millionar kroner i løpet av to år, altså ved utgangen av 2010. Teatrets økonomiske snuoperasjon har med andre ord gitt positiv eigenkapital eitt år før budsjettert. Men trass positiv eigenkapital står teatret framleis framfor store utfordringar knytte til vedlikehald og rehabilitering og det legg press på økonomien i åra framover.
Det Norske Teatret har hatt mange kritikar- og publikumssuksessar i 2009. Blant dei finn vi Evig Ung, Jungelboka og Jesus Christ Superstar på Hovudscenen og Andromake, Så blir det stilt og Per Sivle – ikkje lenger enn min kjærleik rekk på Scene 2.
For evt. spørsmål, kontakt styreleiar Magnus Rindal på tlf: 95 29 27 05
eller direktør Astrid Rødsand på tlf: 22 47 38 85
|
Kristian IVs gt 8, N-0164 OSLO
Billettluka: (+47) 22 42 43 44
Sentralbord Adm: (+47) 22 47 38 00