Mode:  




Det Norske Teatret er stolte og glade over å samarbeide med tre sponsorar. Dei er høgst ulike verksemder, men har til felles at dei ønskjer eit levande og kreativ samarbeid ,gode kulturelle opplevingar, utveksling av kompetanse og høg kvalitet på arrangement. Her gunngjer dei med eigne ord valet av Det Norske Teatret som sponsorobjekt:


STATKRAFT

Statkraft har samarbeidd med Det Norske Teatret gjennom mange år. Samarbeidet er basert på selskapets konsernverdiar kompetanse, ansvarlighet og nyskaping. Hovudmålet er at samarbeidet skal bidra til å byggje ein sterk kultur internt i Statkraft. Avtalen skal vere med på å trekkje dei tilsette i Statkraft til teatret i tillegg til å knyte teatrets kompetanse til Statkraft. Samarbeidet med Det Norske Teatret har på alle vis svart til forventingane våre, og kreative opplevingar og innspel frå teateret har gitt eit svært positivt bidrag til Statkraft-kulturen.


DET NORSKE OLJESELSKAP

Det norske oljeselskap støttar ikkje Det Norske Teatret berre på grunn av namnet. Vi støttar teatret fordi det byggjer opp om profilen vår som eit norsk selskap, på norsk sokkel, som tar heile landet i bruk – og som samstundes ser utover våre eigne snevre grenser. Det norske vel ikkje dei som er størst, men dei som er best, dei som satsar på kvalitet, og som alltid utfordrar både seg sjølv og andre. I Det norske har vi mange visjonar. Ein av dei viktigaste er at vi av fleire alternativ vel det som er mest morosamt. Det har vi også gjort nå. Vi kan ha gjensidig glede i eit slikt samarbeid. For Det norske er kvaliteten på den kulturen vi har, i vidaste forstand, det beste uttrykket for kor langt vi har komme som selskap og nasjon. For oss er avtalen med Det Norske Teatret eit val av ein kultur vi ønskjer å vere ein del av, og som dei tilsette i Det norske kan gle seg over. Det er ekte kulturbygging.
 

Click here for GA web hosting

OBOS

OBOS opplever Det Norske Teatret som det viktigaste teatret i Oslo i dag. Med eit variert repertoar dekkjer teatret kravet frå den breitt samansette medlemsgruppa som OBOS representerer. OBOS-medlemene  er kulturinteresserte og tilboda i kultursektoren er dei mest etterspurde og populære tiltaka OBOS formidlar. Teatret gir ei fin ramme for  interne og eksterne arrangement. I tillegg gir avtalen eit gjensidig kompetansebytte.

 

Here are some advanced websites to explore the power of web design

Loading
 
 
Kristian IVs gt 8, N-0164 OSLO      Billettluka: (+47) 22 42 43 44      Sentralbord Adm: (+47) 22 47 38 00