Turar og arrangement
Vennelaget arrangerer kvart år teater-/kulturturar for medlemmene.
Her finn du referat frå dei siste turane våre:
Stockholm (30/4-2/5 2010)
Valdres (9.- 10.august 2009)
Berlin (21.-24.mai 2009)
Bergen (2.-3.juni 2007)
Vi har vore på vitjing i andre teater omkring i landet, og har hatt store felles teateropplevingar på spela på Stiklestad, Golå, Røros og Sel, og på Festspela i Bergen.
Det har også vore turar til forfattarheimar, som Bjerkebæk på Lillehammer, Midtbø i Vinje, Knudaheio på Jæren og Aulestad i Gausdal.
Reisene går også til utlandet, Reykjavik, Orknøyane, London, København, Stockholm, Gøteborg, Värmland og Dalarna er stader som er blitt besøkt dei siste åra.
Arrangement på teatret:
Medlemene samlast iblant på teatret til møter og festar, der vi får utgreiingar om komande oppsetjingar eller om framsyningar vi nettopp har sett, og gjerne med programinnslag frå kunstnarar ved teatret.
Årsmøte i Vennelaget
blir arrangert kvart år i november.
I tillegg til vanlege møtesaker som årsmelding, rekneskap og val, får vi orienteringar frå teatersjef og styret ved teatret.
Årsmøtet blir gjerne kombinert med ein hyggjekveld slik at vi også har kunstnarlege innslag og enkel servering.