Omvising
Er du nysgjerrig på korleis Noregs største og mest moderne teaterhus ser ut frå innsida? Vi organiserer populære omvisingar der du får oppleve ein travel og spennande teaterkvardag frå innsida.
På omvisinga tar vi deg med på m.a. Hovudscenen, Scene 2 og Prøvesalen. Du får ein tur bak scenen og får oppleve monteringshallen vår, sidescener, prøvesalar, dansesalen og lydstudioet. Korleis scenografiane blir til, får du sjå på verkstadene som består av smie, målarsal og rekvisittavdeling. Vi gjer eit stopp i den fargerik kostymeavdelinga og tar ein tur i ein av Nord-Europas største vareheisar. I foajeen får vi eit historisk tilbakeblikk på nynorsk teaterhistorie, stiftinga av Det Norske Teatret og bygginga av vårt teaterhus.
Vi gjer merksame på at Det Norske Teatret er ein arbeidsplass, og at det nokre gonger er restriksjonar på kor ein kan ferdast.
Vi tar imot gruppebestillingar på mellom 10 og 20 personar.
Pris pr. person er kr 70 og for skoleelevar kr 50.
Om gruppa er på mindre enn 10 personar gjelder ein fast pris på kr. 700 pr. omvising (kr 500 for skolegrupper).
Ei omvising tar om lag 1 time og 15 min.
For bestilling kontakt oss på omvising@detnorsketeatret.no