Om Vennelaget
Venner av Det Norske Teatret
vart skipa i 1946. Alt frå starten var framståande kulturpersonlegdomar med, som til dømes Johan Falkberget, Sigurd Evensmo, Sparre Olsen, Tarjei Vesaas, Inge Krokann, Arnulf Øverland og Dagfinn Werenskiold.
Medlemer av Vennelaget
er med på å gje stønad til Det Norske Teatret på ymse vis, deltek i ulike arrangement og på teater/kultur-turar i inn- og utland, og får tilsendt oppdatering om det som skjer på teatret.
Stønad til teatret
Vennelaget deler kvart år ut stipend til kunstnarar og andre som arbeider ved Det Norske Teatret. Dessutan har det gjeve stønad til ulike einskildprosjekt, og mange av målaria i teaterfoajeen er gåver frå Vennelaget.
Billegare billettar
Som medlem får ein rabatt på teaterbillettar!
(Klikk på knappen MEDLEMSFORDELER på toppen av sida.)
Teater/kultur-turar
Minst ein gong i året arrangerer Vennelaget turar.
Vi har vore på vitjing i andre teater omkring i landet, og har hatt store felles teateropplevingar på spela på Stiklestad, Golå, Røros og Sel, og på Festspela i Bergen.
Det har også vore turar til forfattarheimar, som Bjerkebæk på Lillehammer, Midtbø i Vinje, Knudaheio på Jæren og Aulestad i Gausdal.
Reisene våre går også til utlandet, Reykjavik, Orknøyane, London, København, Stockholm, Gøteborg, Värmland og Dalarna er stader som er blitt besøkt dei siste åra.
Arrangement på teatret
Medlemene samlast iblant på teatret til møter og festar, der vi får utgreiingar om komande oppsetjingar eller om framsyningar vi nettopp har sett, og gjerne med programinnslag frå kunstnarar ved teatret.
Styret
for Vennelaget blir valt av årsmøtet i laget, og arbeider lønlaust.
Leiar er for tida Ragnhild Sælthun Fjørtoft.
Velkomen som medlem i Vennelaget for Det Norske Teatret !
E-post: vennelag@detnorsketeatret.no