Lesesirkelteaterkveld
Er du medlem av ein lesesirkel? Er lesesirkelen din interessert i teater og iscenesetting av tekst? Har de lyst til å treffe andre lesesirklar?
Talet på lesesirklar, leseklubbar og leseforeningar har auka kraftig dei siste åra, ikkje minst i hovudstaden. Kvar sesong vel Det Norske Teatret ut ei framsyning som eignar seg for litteraturinteresserte, og inviterar på ein spennande samtale med t.d. regissør, medverkande, dramaturg og dramatikar. Her får lesesirkelen høve til å fordjupe seg i eit høgaktuelt stykke og sjå framsyninga i etterkant. Hausten 2007 var det stor deltaking på ein underhaldande lesesirkelteaterkveld på Få meg på, for faen av Olaug Nilssen og våren 2008 stod Tolvskillingsoperaen for tur med utgangspunkt i temaet "tilpassing av tekst til tonar".
Interessert? Hald deg oppdatert om framtidige lesesirkelarrangement og påmeldingsfristar ved å melde deg på e-posttenesta vår.