Text/HTML
Minimize

Kulturelt mangfald

Det Norske Teatret har ein ambisjon om å

  • vere ein naturleg møtestad for folk med ulik kulturell bakgrunn
  • ha ein offensiv, kreativ og inkluderande dialog med fleirkulturelle miljø
  • utvikle langsiktige fleirkulturelle samarbeid
     




MANGFALDSSATSING


Mangfaldssatsing krev god innsikt, eit langsiktig perspektiv, ei audmjuk haldning og mykje entusiasme. Det Norske Teatrets fordel som nynorskteater er at det ligg i teatrets identitet og kunstnarlege perspektiv å vere open for ulike kulturelle uttrykk. Teatret har sidan starten vore ein naturleg møteplass for kulturelt mangfald. I framtida er målet vårt å bli ein plass der dagens og morgondagens generasjonar får høve til å delta i kulturproduksjon, kulturfellesskap og kultursamarbeid. Slik forvaltar teatret ei samfunnsoppgåve som kulturformidlar og kunnskapsbedrift og tar ansvar for å inkludere og engasjere nye publikumsgrupper.


PROSJEKT


Ein måte å nå ambisjonanen våre er gode, kreative og varige skolesamarbeid. Slik kombinerer vi arbeidet med rekruttering av eit ungt publikum med satsing på fleirkulturelle grupper. Gjennom skolane og i skoletida har vi ein reell sjanse til å fange opp ungdom som elles ikkje hadde funne vegen til eit (ny)norsk teater. Vi byr på meir enn teater, gjennom ulike prosjekt og aktivitetar med fokus på oppleving og interaktivitet i samband med repertoar.

Sidan 2007 har vi langsiktige samarbeid med to skolar som har 60 – 70% elevar med anna kulturell bakgrunn enn norsk; Holmlia og Veitvet. I 2009 etablerte vi eit nytt samarbeid med ein skole meg høgt innslag av etnisk mangfald, Bjørnholt på Nordstrand. Våren 2008 blei Veitvet sin jubileumsframsyning vist på Hovudscenen på Det Norske Teatret  (350 involverte på og bak scenen), og hausten 2009 gjesta vi skolen med ei ny klasseframsyning med tittelen Mannen frå havet. Holmlia har eit aktivt ambassadørprogram som vi har initiert med fire møter i året på teatret. Dei får møte skodespelarar, sjå bak scene, blir involvert i ungdomsarbeidet vårt og får treffe ulike fagavdelingar. Begge skolane er dessutan synleg tilstades på teatrets premierer med prioriterte plassar på dei store familieframsyningane.

I mangfaldsåret 2008 var Jungelboka storsatsing for ungdom. Framsyninga blei ei stor kunstnarleg suksess, samstundes som teatret trefte målgruppa 11 – 30 frå heile Oslo. I ein serie teaterverkstader blei temaet om dyrking av mangfald og tru på sin eigen identitet eit gjennombrot for teatrets arbeid med minoritetsungdom. Verkstaden hadde hovudrolleinnehavar Adil som leiar, og trekte fleire hundre ungdom til teatret gjennom skolar og ungdomsklubbar.

Hausten 2009 har vi innleia eit samarbeid med norskopplæringssenteret Rosenhof som driv norsk- og samfunnsopplæring av vaksne innvandrarar. Til saman såg rundt 2100 elevar frå mange ulike kulturar Prøysen-framsyninga Du ska få en dag i mårå… i oktober som ledd i undervisninga. For mange blir dette besøket deira første møte med eit teaterhus og teaterkunst. Vi ønskjer å byggje vidare på dette samarbeidet og bruke godt etablerte formidlingsstrukturar for byggje opplevingar og forståing for norsk teaterkultur. 


MANGFALDSÅRET 2008
 

I 2007 tok kulturminister Trond Giske initiativ til å gjere året 2008 til Mangfaldsåret. Satsinga er tenkt å skulle auke det kulturelle mangfaldet, styrke samarbeidet og utvikle det fleirkulturelle perspektivet innan kulturlivet. Det Norske Teatret ser det som viktig å spegle verda der ute i repertoaret vårt, og nedanfor kan du lese om nokre av dei satsingane vi gjennomførte i Mangfaldsåret. 

Print  

Loading
 
 
Kristian IVs gt 8, N-0164 OSLO      Billettluka: (+47) 22 42 43 44      Sentralbord Adm: (+47) 22 47 38 00