Grupper frå 20 personar kan få underhaldande og unike omvisingar på teatret. De kan få omvising av ein av våre dyktige omvisarar, eller sette ein ekstra spiss på ferda med eit par av ensemblets skodespelarar som guidar. Det er spennande å komme inn bak kulissane og sjå kva som skjer der. Vi går m.a. gjennom dei ulike verkstadene for produksjon av kostyme og kulissar og går innom scenene og ser korleis det ser ut kort tid innan framsyninga tar til. 

Vi kan òg legge til ulike innslag undervegs, som til dømes:

- Levande heismusikk i kulisseheisen
- Diktlesing av ein av skodespelarane på systova
- Demonstrasjon av korleis ei maske blir til av ein sminkør
- Oppvarming saman med ein skodespelar før framsyning same kveld

Vi gjer merksam på at vi har mange dyktige kunstnarar på teatret som gjerne bidrar med noko ekstra på akkurat ditt arrangement hos oss.  

Roar Myrvang: tlf. 22 47 38 35 / roar.myrvang@detnorsketeatret.no
Siri Bangfil: tlf: 22 47 38 20 / siri.bangfil@detnorsketeatret.no


Loading
 
 
Kristian IVs gt 8, N-0164 OSLO      Billettluka: (+47) 22 42 43 44      Sentralbord Adm: (+47) 22 47 38 00