EIT HUS RIKT PÅ KULTUR, HISTORIE, OPPLEVINGAR OG RESSURSAR


Hos oss er det muleg å leige scenar og foajéområde ftil dømes til opplæring, kick-off, konferansar, produktpresentasjonar, julebord, sommarfest, jubileumsfest og andre liknande arrangement.

Vi byr på det beste av lyd- og lysustyr for å sikre at du får eit godt arrangement og ei fin oppleving. I tilleg sit det teatermagi i veggene her.

Foajeen vår har tre rom: Huldasalongen, Spegelbaren og Midtgolvet.

HULDASALONGEN: Her kan opp til 18 personar ete middag, men langt fleire kan ta eit glas vin eller mineralvatn før framsyninga eller i pausen.

SPEGELBAREN: Tar opp til 100 personar til middag. Passar også godt for grupper på 20 - 30 personar.

MIDTGOLVET: Dette lokalet kan delast slik at det både er triveleg for grupper på rundt 150 og romsleg for opp til 750. Det er òg muleg å setje opp eigen scene for talar og underhaldning.

Teaterhuset har tre scenar: Prøvesalen, Scene 2 og Hovudscenen

PRØVESALEN: "Black box" med plass til 120.

SCENE 2: "Black box"  med plass til 220.

HOVUDSCENEN: Plass til 750 men kan delast med plass til 460.

I tillegg er det mange spennande rom ein kan besøke under ei omvising. Det er òg muleg å ha både underhaldning og servering undervegs. Vi kan òg skaffe skodespelarar som til å vise rundt. 

Powered by web hosting


Ta kontakt for eit møte!

Roar Myrvang: tlf. 22 47 38 35 / roar.myrvang@detnorsketeatret.no
Siri Bangfil: tlf: 22 47 38 20 / siri.bangfil@detnorsketeatret.no




 

 

 

Powered by web hosting

 

Loading
 
 
Kristian IVs gt 8, N-0164 OSLO      Billettluka: (+47) 22 42 43 44      Sentralbord Adm: (+47) 22 47 38 00