BRUK DET RIKHALDIGE TEATERHUSET VÅRT TIL DITT NESTE EVENT

Eksempel på arrangement vi har hatt her dei seinaste åra er jubileum, fagkonferansar, leiaropplæring, teambuilding, billanseringar, produktpresentasjonar, konsertar, motevisningar m.m.

Innan kvar event går vi inn i ein prosess saman. Vi deltar aktivt heile vegen med innspel. Utgangspunktet vil heile tida vere måla dine behov og ønske. Resultatet er at kvart arrangement blir unikt og skreddarsydd for å innfri måla dine.

Kompetanseoverføring frå teate til næringsliv er spennande. Dei teknikkar som ein skodespelar bruker når det gjeld til dømes motivasjon og kommunikasjon, kan også andre ha stor nytte av i arbeidet sitt.

Det faglege innhaldet i konsepta våre innan bygging av nettopp kommunikasjon og motivasjon, lar seg godt kombinere med sosialt samver, servering av mat og drikke og ei teaterframsyning som avslutning på ein innhaldsrik og unik dag.


Ta kontakt for eit møte!

Roar Myrvang: tlf. 22 47 38 35 / roar.myrvang@detnorsketeatret.no
Siri Bangfil: tlf: 22 47 38 20 / siri.bangfil@detnorsketeatret.no


 

Loading
 
 
Kristian IVs gt 8, N-0164 OSLO      Billettluka: (+47) 22 42 43 44      Sentralbord Adm: (+47) 22 47 38 00