Greve takkar av
Ulrikke Greve takkar av som fast tilsett på Det Norske Teatret med framsyninga Glade dagar av Samuel Beckett med premiere på Scene 2 den 29. oktober. Greve har vore tilsett ved teatret i 47 år og er ein habil Beckett-tolkar med roller i Pust og Fire (1980), Beckett 75 (1981) og sist i Beckett-kjennaren framfor alle Tom Tellefsens avskilsframsyning Pust og fem (2000).  (Beckett på Det Norske Teatret.)



Bildet: Frå Bjørn Endresons oppsetjing av Pust og fire (1980). Foto: Sturlason.

Greve har gjennom ei lang og variert karriere ved scenen vist spesielt talent for det absurde dramaet gjennom ei rekkje oppsetjingar som spenner frå Mrozek via Gombrowicz, Pinter og altså til sjølve Beckett.

 

Speledagar

loading..
Premieredato:
29.10.2010
Pris:
Kr 275
Speletid:
ikkje avklart

PÅ SCENEN:

GLADE DAGAR

Av Samuel Beckett
Omsetjing: Bjørn Endreson
Musikk: Knut Reiersrud


Regi:
Eirik Nilssen Brøyn
Dramaturg:
Ola E. Bø
Scenografi/kostyme:
Mia Runningen
Lys:
Ola Bråten  

Teaterforlag:
Nordiska ApS

Loading
 
 
Kristian IVs gt 8, N-0164 OSLO      Billettluka: (+47) 22 42 43 44      Sentralbord Adm: (+47) 22 47 38 00