Etter 41 år ved Det Norske Teatret takkar Wenche Medbøe for seg med framsyninga Oscar og den rosa dama basert på ein roman av Eric-Emmanuel Schmitt. 

Wenche Medbøe las romanen, klarte ikkje leggje den frå seg, ho blei heilt fanga av historia om kreftsjuke og 10 år gamle Oscar som møter pasientvenen ’den rosa dama’.  Saman med Rose-bestemor, som han kallar henne, går dei inn i den alvorlege livsleiken. Med klokskap, varme, ein god porsjon humor og livleg fantasi gir Rose-bestemor Oscar håp, mot og trøyst til å takle den vanskelige sjukdommen. Ho fortel han sprø og overraskande historier.  Ho snakkar ope og direkte til han, noko foreldra og sjukehuspersonalet ikkje vågar.  Oscar og den rosa dama er ei vakker, rørande historie om å leve medan ein lever, om vennskap, lykke og sorg.



Trass den barnevennlege tittelen er historia og denne framsyninga retta mot eit vakse publikum. Forteljar og skodespelar er Wenche Medbøe og framsyninga varer ein dryg time
 
Eric-Emmanuel Schmitt er fødd i 1960 i Frankrike.  Romanane hans er omsett til mange språk og skodespela hans er framførde over heile verda. Som forfattar tar han for seg dei store spørsmåla, tabuemne i det mellommenneskelege, i ein forteljartradisjon som byggjer på filosofi, religion og det spirituelle.  I 2001 fekk han Franske Akademiets store pris for sine samla verk.  Fleire av skodespela hans er sett opp på norske scener, m.a. Enigmavariasjonene, Gjesten og Til døden skiller oss ad

Oscar og den rosa dama er eit gjestespel i samarbeid mellom Det Norske Teatret og Medbøe Prosjekter. Dramatisering er ved Wenche Medbøe og Liv Borg Thorsen. Instruktør er Liv Borg Thorsen, scenografi ved Iben Sandemose, musikk ved Morten Halle, foto ved Mariken Halle og omsetjar frå fransk er Christine Amadou.

Framsyninga har premiere på Prøvesalen 4. november.

 

Speledagar

loading..
Premieredato:
4.11.2010
Pris:
Kr 225
Speletid:
ca 1 time utan pause

PÅ SCENEN:

Oscar og den rosa dama

 Av Eric-Emmanuel Schmitt
Redigert til forteljarteater:
Wenche Medbøe/Liv Borg Thorsen
Musikk: Morten Halle

Regi:
Liv Borg Thorsen
Scenografi/Kostyme:
Iben Sandemose


Produsert i samarbeid
med Medbøe Prosjekter
 

Loading
 
 
Kristian IVs gt 8, N-0164 OSLO      Billettluka: (+47) 22 42 43 44      Sentralbord Adm: (+47) 22 47 38 00